Sega droppar Virtual Console

Gamle Sega-klassikarar vil ikkje dukke opp på Wii U med det første.

Blant dei største positive sidene ved Nintendos Wii-konsoll var Virtual Console. Via denne portalen har Nintendo lagt ut eit svært omfattande bibliotek med gamle spel frå både tidlegare Nintendo-konsollar som Nintendo og Super Nintendo, men og spel frå tidlegare rivalar som Sega.

Ingen Sonic med det første

Vritual Console blei lansert til Wii U i fjor vår, men utvalet på denne konsollen har vore magert i samanlikning med Wii U. Håpet om at dette skal endre seg blir ikkje større ved at Sega ikkje har nokon planar om å gjere gamle spel tilgjengelege på konsollen. Dette kjem fram via ei Twitter-melding frå den japanske Sega-produsenten Yosuke Okunari som GoNintendo har snappa opp.

Då får ikkje sjå dette på Wii U med det første.
Det kan ta tid før dette dukkar opp på Wii Us Virtual Console.

Okunari oppmodar likevel folk som håpar å sjå Sega-spel på Wii Us Virtual Console om å kontakte Segas vestlege avdeling.

Teknisk sett er det fullt mogleg å spele ei lang rekke Sega-klassikarar på Wii U likevel. Dette fordi du via Wii U-operativsystemet kan velje å gå inn i Wii-modus. Wii U er bakoverkompatibel med alle Wii-spel, og du kan såleis spele alle spela du har samle opp på Nintendos førre konsoll. Baksida er at Wii-Virtual Console-spel ikkje støttar Miiverse og Wii U-kontrollaren. Du må altså hente fram igjen din gamle Wiimote om du ynskjer deg litt retrohygge.

Sjølv om det går noko tregt med Virtual Console på Wii U har Nintendo likevel ambisjonar om å få liv i tenesta. Tidlegare i år blei det klart at Virtual Console på Wii U vil få støtte for DS-spel.

Kommentarer (7)

Forsiden akkurat nå

Til toppen