Anmeldelse

Shadow of Memories

Stakkars Eike Kusch. Ein heilt vanleg dag går han nedover gata, berre for å bli knivstukken og sendt til det hindsidige. Det er ikkje enkelt nei, for han får ikkje heilt lov til å kvile i fred med det første heller. Han får ein ny sjanse. Ein ny sjanse og ei tidsmaskin. Kva ville du ha følt om dette skjedde deg, og kva ville du ha gjort om nokon gav deg ein ny sjanse?

Side 1
Side 2

Du har kanskje skjønt at dette dreiar seg om å reise i tid, og du har heilt rett. Dette er grunntankane i dette spelet frå utviklarane av Silent Hill. Spesielt er det, men spesielle spel har og ein lei tendens til å ikkje fungere skikkeleg. Shadow of Memories har seks forskjellige sluttar, og legg stor vekt på at du skal prøve å få fram alle saman. Det er nok få som vil ta seg det bryet, men det er ganske interessant å sjå korleis ting forandrar seg etter dei forskjellige vala du gjer. Eit nytt forsøk på å gjennomføre det kanskje vanskelegaste konseptet nokon sinne. Fungerar det, eller blir det berre rot av sånt?

Lite friheit
På ei plattform svevande i limbo vaknar Eike, forvirra og ør. Det har ikkje heilt gått opp for han kva som har skjedd, men ein person som tydelegvis likar seg best i skuggane fyller inn detaljane. Det er eit rett fram eventyr dette her, ingen action, ingen spesielt intense augeblikk, det er berre å gå fram og tilbake, leite etter spor, og løyse mysteriet. Eller, å løyse mysteriet blir å formulere det feil. Det er meir som å finne mordaren før du kjem til siste side i boka. Du er stort sett ein tilskodar som ser ei handling bli bretta ut på skjermen. Ja, der er seks sluttar, men desse baserar seg meir på kva svaralternativ du vel, enn på kva du gjer sjølv. Heile handlinga blir styrt av tidsmaskina di, du blir fortalt når det er på tide å reise ein stad, og kvar du bør reise.

Først når du har reist til den bestemte tidsepoken, får du eit val. Det hadde kanskje ikkje vore så dumt med litt større fridom i eit slikt spel. Det hadde nok vore meir spanande å kunne reise kvar du ville, når du ville. Eike tenker stort sett for seg sjølv, så du treng eigentleg ikkje gjere stort. Sjølv om du kan reise i tid, og forandre folk og omgivingar rundt deg, så er du ikkje fri til å gjere kva du vil. Om du gjer ein feil i ein middelalderen, har du gjort den feilen. Alt føregår akkurat no. Noko som vil seie at om klokka er 22.00 den 1. oktober i notida, så er den det i middelalderen og. Med andre ord, gjer du ein feil i middelalderen klokka 22.00, og reiser tilbake til notida, kan du ikkje reise tilbake eit tidlegare punkt på dagen for å rette den. Dei einaste gangane du kan gjere slikt, er når det er ein del av historia. Dette er litt frustrerande sidan eg føler av og til eg skulle tatt eit anna val.

Så var det Homunculus då. Eit svært så androgynt vesen det ikkje er så lett å forstå seg på. Homunculs sitt opphav skal eg ikkje gå nærmare inn på, sidan det er ein vital del av handlinga, men Homunculus er ein person som hjelper deg, og gir deg råd. Det er Homunculus som gir deg tidsmaskina, og i det heile tatt gir Eike moglegheita til å reise rundt om kring i tid og rom. Menysystemet i Shadow of Memories er veldig enkelt, ved å trykke på ein knapp får du opp ein meny på venstre side av skjermen som viser kva ting du har til ei kvar tid. Deretter er det berre å velje kva du vil ha, og Eike ser på det, eller brukar det om det skulle vise seg mogleg. Innhaldslista di er ganske full til ei kvar tid. Mesteparten av tinga Eike går rundt og drassar på får du likevel ikkje bruk for. Av alt det Eike har med seg har eg fått bruk for under halvparten.

Eit solid steg bakover
Shadow of Memories er eit konvertering av PS2 tittelen Shadow of Destiny. Spelet lider av det. Grafikken er til tider forferdeleg. I sambande med Xbox versjonen blei det uttalt at tidsreiser aldri har sett betre ut. Kva som er så bra med trådar i forskjellige fargar som snurrar mot deg veit eg ikkje, men det eg veit er at eg med handa på hjarte kan sei eg har sett betre. Bakgrunnane er ikkje stort betre, dei ser ut som om dei er henta frå eit PSX spel til tider. Store firkanta klossar på eit flatt landskap med teksturar som gir mindre meining enn abstraktbildet til ein treåring. Med slike bakgrunnar blir det ganske absurd når fint modellerte karakterar dukkar opp i bildet. Det beskriver eigentleg grafikkens heilskap godt, svært varierande.

Nokre gonger ser det bra ut, før det brått ser ut som 3Dgrafikkens spede byrjing. Xbox kan prestere mykje betre enn dette. Ein skulle faktisk tru at med slik grafikk skulle frameraten vere superb. Dessverre er den ikkje det, den er forferdeleg, bildet hakkar, og gode animasjonar blir unaturlege og irriterande. Det som er veldig bra derimot er måten stemninga for dei forskjellige tidene i historia er skapt. På byrjinga av 1900 talet er alt i svart kvitt, utanom Eike då. Det gir ein god illusjon av kva tidsalder du er i. Tilbake i middelalderen er det eit stemningsfullt brunt slør over det heile. Sjølv om frameraten er treg og slitsam til tider er dei forskjellige personane Eike møter godt animert. Dei bevegar seg overbevisande, og gestikulerar med kroppane sine på måtar som ikkje verkar overdrivne. Noko som har blitt eit problem i ein del spel.

Side 1
Side 2

Siste fra forsiden