Shadowrun er tilbake neste år

Har vi ei ny kronerulling i vente?

Harebrained Schemes, studioet bak den vellukka gjenopplivinga av Shadowrun-serien ser ut til å gjere seg klare for ein ny Kickstarter-kampanje. I ei fersk oppdatering på kampanjesida for Shadowrun Returns har dei den enkle, men tydelege meldinga «Shadowrun kjem tilbake til Kickstarter i januar 2015».

Dermed ser det ut til at Harebrained Schemes vil prøve seg på folkefinansiering enda ein gong. Shadowrun Returns hadde stor suksess på Kickstarter i 2012, og samla inn over 1,8 millionar dollar. Godt over målet på 400 000 dollar.

Vellukka rollespel

Skjermbilete frå Shadowrun: Dragonfall.
Skjermbilete frå Shadowrun: Dragonfall.

Shadowrun Returns var eit spanande rollespel i den unike og cyberpunk-inspirerte Shadowrun-verda. Det heile blir sett frå ein isometrisk synsvinkel på same måte som dei fleste rollespel av eldre dato, og vi meinte i vår omtale at det var eit minneverdig rollespel:

«Shadowrun Returns er først og fremst eit godt cyperpunk-eventyr med ei spanande historie og eit nesten overveldande utval av eigenskapar. Alvar, orkar og troll forsøker alle å leve liva sine i eit brutalt futuristisk Seattle, der hensynslause organisasjonar, gjengar og maktsjuke personar styrar bak i kulissane.»

Tidlegare i år fekk Shadowrun Returns ei utviding i form av Shadowrun: Dragonfall. Mange meinte denne utvidinga var enda betre enn originalspelet, og no i haust blei utvidinga lansert i ein frittståande versjon som ikkje kravde Shadowrun Returns for å kunne spelast.

Wasteland 2, eit anna Kickstarter-finanisert rollespel fekk lansering i haust. Neste år lanserer Obsidian Entertainment sitt etterlengta rollespel Pillars of Eternity.

 

Kommentarer (6)

Forsiden akkurat nå

Til toppen