Anmeldelse

ShellShock: Nam '67

Krig, godt oppsummert i eit ord, kan ein direkte oversette til 'helvete'. Helvete på jord om du vil. Andre spel har prøvd å skape seg eit namn ved å prøve å sende deg inn i ditt eige personlege helvete (les: Manhunt, Silent Hill-serien, etc), men det er ikkje så mange som legg heile promoteringa av ein tittel på at ting skal vere så jævlig som mogleg, og samtidig basert på ei makaber sannheit. Akkurat kva som er så jævlig med sluttresultatet frå Guerilla har eg ikkje heilt forstått. Stopp meg om du har høyrt denne før: "Det mest realistiske..."

Simulert helvete
Eg har fått høyre at Shellshock skal vere både sjokkerande og uroskapande. Dei seier så, dei som veit. Å gå gjennom krigens mørkare sider er jo som nemnt eit helvete. Kva som definerar helvete byrja eg i midlertid å stusse på ikkje så langt ut i spelet. Etter litt lettare skuddveksling befann eg meg brått i ei hule litt utanfor dei verste krigssonene. Her fann eg fire personar, tre amerikanske soldatar og ein psykotisk person eg antok var vietnamesar. Han hyler og skrik litt før han rettar ein pistol mot munnen og trekk av. "Frykteleg" sjokkert slo det meg at dette har eg ikkje sett så ofte, i alle fall ikkje i eit spel. Eg prøvde å få litt informasjon ut av soldatane som også var vitne til handlinga, blandt anna kva som var på ferde, og kvifor psykopaten i det heile tatt hadde ein pistol.

Det tar ikkje lang tid å finne ut at ingen av desse tre er villige til å ytre eit ord. Etter å ha trykt på alle knappar eg fann på kontrolleren blei eg lettare irritert og begynte å skyte på soldatane i staden for. Ville dei ikkje snakke med meg fortente dei ikkje betre. Som festa til ein strikk fell han bakover, og svingar opp igjen med eit hyl. Eit skot til, same prosedyre, men denne gongen rettar alle tre våpena sine mot meg og kallar meg ein drittsekk. Eit skot til, og enda eit, heile magasinet. Ingen verdens reaksjon. Eg bestemmer meg for å la dei uovervinnelege pysene vere i fred, og bevegar meg med bastante steg ut.

Kort tid etter har eg funne laget mitt igjen og vi møter fleire vietnamesiske soldatar. Her openberar enda eit av Shellshock sine "sjokkerande" detaljar seg. Desse soldatane er faktisk kvinner, skrekk og gru. Litt for ivrig etter at noko endeleg skjer spring eg rett inn i kryssilden utan respekt for mitt eige eller andres liv. Det tek ikkje lang tid før eg oppdagar at helsa mi blinkar i ein dramatisk rødfarge. Med litt høgre puls en vanleg hoppar eg bak ein stein, og ser meg om etter ei helsepakke, noko som skulle vise seg å ikkje vere nødvendig. Du regenererar liv i rekordfart. Ikkje ein gong Supermann har stamina som dette. Greit nok, vi er med på leiken igjen og ser opp bak ein stein, og joda, der er det vietnamesiske kvinner på krigsstien.

Krigens overflødigheitshorn
Etter å ha fyrt laus så mange skot at eg måtte skifte våpen tre gongar innsåg eg at straumen av krakilske kvinnfolk ikkje ville ta slutt. På dette tidspunktet kjeda eg meg så mykje at eg ikkje brydde meg med min overordnas desperate rop om at eg måtte sprenge tunnelen deira. Dei greidde ikkje å drepe oss uansett. I staden velger eg ein god posisjon, og over tid finn den nøyaktige tida det tar mellom kvar nye fiende. I tillegg har eg funne rett stilling å ha våpenet mitt i så eg kan drepe alle med eit skot plassert mellom auga. Kor mange kan skryte av at dei kan halde stand mot overlegnde mengder kvinner med auga lukka? Eg kan.

Ein blir lei av dette også til slutt, og sprenging av tunnelen deira byrjar å høyrest interessant ut. Ein lett jobb, og eg bestemmer meg for å vere smart på vegen tilbake. I staden for å springe i sikksakk på vegane som snirklar seg oppover mot krattskogen, bestemmer eg meg for å springe tvers over dei. Det blir raskare slik, trudde eg. Problemet er at under Vietnam-krigen kunne ikkje folk klatre, noko som gjer det litt vanskeleg å bevege seg over ein 50 cm høg kant. Ikkje kunne dei hoppe heller, og det er først no eg innser kor forferdeleg lineært dette spelet er. Du har absolutt ingen val. Til og med Mario hadde fleir valg i sitt første eventyr.

ShellShock: Nam '67 Xbox

Shellshock: Nam '67 Windows

ShellShock: Nam '67 PS2

ShellShock: Nam '67 Xbox Xbox Windows

Spilldetaljer

  • Lanseringsdato: 3. september 2004
  • Plattform: Xbox
  • Utgiver: Eidos Interactive
  • Utvikler: Guerrilla

Shellshock: Nam '67 Windows Windows Xbox

Spilldetaljer

  • Lanseringsdato: 3. september 2004
  • Plattform: Windows
  • Utgiver: Eidos Interactive
  • Utvikler: Guerrilla

ShellShock: Nam '67 PS2 PS2

Spilldetaljer

  • Lanseringsdato: 8. september 2004
  • Plattform: PlayStation 2
  • Utgiver: Eidos Interactive
  • Utvikler: Guerrilla

Kommentarer (31)

Forsiden akkurat nå

Til toppen