Anmeldelse

ShellShock: Nam '67

Då ser det ut som om vi byrjar å nerme oss bristepunktet for kva ein kan tyne ut av andre verdskrig, og mange utviklarar fokuserar heller på den brutale Vietnam-krigen. Mange spel med dette temaet er planlagt i løpet av høsten, og det skal godt gjerast for Shellshock: Nam'67 å skilje seg ut.

Side 1
Side 2

Berre nesten katastrofe Du skjønar kanskje at Shellshock: Nam '67 ikkje er frykteleg engasjerande. Dessverre blir det betre. Ja, dessverre. Det hadde vore så mykje enklare om spelet berre kunna halde seg på eit patetisk bunn-nivå heile vegen gjennom. Som eit action-spel held det mål, om ein kan ignorere alle feila, kan ein fint la seg underhalde i nokre timar. Kontrollane er for det meste solide, men av ein eller anna grunn kan fienden vere frykteleg vanskeleg å treffe. Med mindre du bruke sniper-rifle er det vanskeleg å treffe noko som helst om du ikkje er på kloss hald. Etter dei første forferdelege oppdraga tar spelet seg faktisk opp litt, du byrjar å føle kva som skal sjokkere, og handlingane du må utføre følest ofte direkte feil. Det er interessant å oppleve noko sånt i eit spel, men før du kjem så langt har du sannsynlegvis allereie lagt spelet på hylla for godt.

Kva anna skal du gjere? Shellshock: Nam '67 er eit spel som aldri sluttar å skuffe. Det lovar ofte så forferdeleg bra. Du blir utplassert midt i audemarka, spring langs ein fjellvegg, bomber kastar støv i din retning, og lyden av kuler hviner om øyra. Slik kan det ofte vere, heilt til du kjem til eit viktig punkt i brettet, då er det lett å komme over område der overflødigheitshornet pumpar ut fiendar. Samtidig kan du sjølvsagt ikkje gå rundt noko, sidan det enten ligg ei grøft, eller eit tre, i vegen. Berre å fjerne slike unødvendige hinder kune gjort spelet mange gongar betre. Å føle seg innesperra er den verste følelsen du kan ha i eit spel, og det blir spesielt ille når du kan sjå enorme område rundt deg.

For det er nettopp det Shellshock: Nam '67 gjer bra. Stemninga er til å ta og føle på, og nei, eg meinar på ingen måte påtatt helvete i form av eit lite overbevisande sjølvmord. Det å springe gjennom tjukke skogar med ein liten tropp er derimot godt gjennomført. Grafikken er svært bra, både variasjonen i miljøa og måten dei er gjennomført på. Du kan til og med sjå skyer av kruttrøyk etter kvart som kampane blir intense. Dessverre lider PlayStation 2-versjonen av mykje støy på skjermen. Biletet er ikkje like skarpt som på Xbox, og det gjer det vanskelegare å skilje detaljar på ting som er eit stykke borte. Grafikken i Shellshock: Nam '67 har eit støyfilter over seg, men på PlayStation 2 blir det litt for mykje av det gode.

Endeleg, noko positivt Det som kan seiast å vere Shellshock: Nam '67 si sterkaste side er definitivt lyden. Ikkje bry deg med dei stereotypiske soldatane med sørstatsstemmer, eller dei middelmådige forsøke på engelsk-vietnamesisk. Det er i effektgalleriet at lyden verkeleg viser si styrke. Kuler hviner om øyra dine, jord frå eksplosjonar fell ned rundt deg. Rop og skriking, du har praktisk talt alt her. Det som kanskje gjer den så bra er at så snart du er i kamp, er det mykje lyd, heile tida. Du høyrer knapt noko anna enn kulene, og så vidt eg veit er volumet på slike våpen så pass høgt at det ville bli vanskeleg å fange opp andre lydar.

Litt musikk får ein også sjølvsagt høyre. Mellom bretta vil ofte finne deg sjølv i ein militærbase med god gammaldags rock pumpande ut av høgtalarane. Ein litt tam radiovert vil også krydre tilværelsen i noko som mest framstår som ein fullstendig unødvendig del av spelet. Kva er moro med å springe fram og tilbake i ein base berre for å snakke med folk som ikkje har eit einaste interessant ord å fortelje deg om? Ikkje eingong horemammaen vekker interesse der ho står og prøvar å selje deg varene sine. Den illeluktande sannheita blir berre enda meir openbar. Shellshock: Nam’67 er eit forferdeleg pro-amerika-spel stappa fullt av utgåtte klisjear.

Konklusjon Shellshock: Nam ’67 kunne nok ha vore hakket meir interessant om truverdigheita hadde vore litt høgre. Ta til dømes folk du ikkje kan drepe, og tunnelen som er eit overflødigheitshorn av fiendar. Slikt skjer kun i spel, og moglegvis på film. Skape truverdigheit gjer det ikkje. Lagkameratane dine kan skrike så mykje dei vil, banne ut ukvemsord, men dør dei? Nei, aldri. Du har ingen kontroll over lagkameratane dine, men om ein av dei brått mista alt nedanfor hoftepartiet hadde opplevinga brått blitt litt meir skremmande. Dessverre blir du aldri redd for hverken deg sjølv eller andre. Du føler deg uovervinneleg, og eg kan banne på at svært få soldatar følte det same der dei låg i gjørma med granatar og kuler skrikande rundt seg.

I bunn og grunn får ikkje Guerilla til noko av det dei prøver på med Shellshock: Nam '67. Javisst, det kan underhalde no og då, når det einaste du må tenke på er å sjå fienden, men kva er poenget? Det er så ufatteleg mange spel der ute som gjer akkurat dette sinnssjukt mykje betre.

Side 1
Side 2

Siste fra forsiden