Shenmue-skaparen vurderer Kickstarter

Kan historia om Ryo få ei avslutning likevel?

Når vi tenkjer på Kickstarter tenkjer vi oftast på amerikanske og europeiske utviklarar. Fenomenet der publikum finansierer utviklinga av spel har likevel fått merksemd i andre delar av verda. Blant anna i Japan.

Polygon fortel oss at den franske journalisten Sebastien-Abdelhamid i førre veke twitra at han hadde gjort eit intervju med Yu Suzuki, skaparen av mange kjende Sega-titlar som Out Run, Virtua fighter, og kultklassikaren Shenmue. Sistnemnde er for mange eit trist kapittel sidan historia aldri har blitt avslutta. Suzuki skal derimot ha fortalt Sebastien-Abdelhamid at Kickstarter kan bli ei løysning for å få ut eit nytt spel.

Skjermbilete frå Shenmue II.
Skjermbilete frå Shenmue II.

Shenmue-serien består av to spel der du i rolla som Ryo får reise rundt i ei opa verd for å både snakke med folk og kjempe mot dei i ei jakt for å hemne faren din sin død. Spela er satt til notid, og hadde svært mykje variasjon i kva du kunne gjere. Både sideoppdrag, valfridom og ei mengde med minispel var med på å skape skyhøge budsjett på fleire titals millionar dollar, noko som er mykje av grunnen til at Sega aldri har påkosta seg ei avslutning på historia.

Det første spelet dukka opp på Dreamcast i Europa i 2000, medan Shenmue II først landa på Dreamcast i 2001 Ein Xbox-versjon blei tilgjengeleg i 2003.

Sjølv om det har gått ti år sidan sist vi møtte Ryo har ikkje Suzuki gitt opp håpet, og Kickstarter kan altså vere eit alternativ for å finansiere Shenmue III. Med tanke på at dei tidlegare spela sine budsjett spørs det derimot kva liste han vil leggje seg på.

Ein Kickstarter-kampanje er derimot berre ein av løysingane Suzuki ser føre seg for å avslutte historia om Ryo. Ein Anime-serie eller manga-serie er andre alternativ Suzuki kan ta i bruk for å gi fansen den avslutninga dei har venta på.

Les også: – HD-versjonene av Shenmue er ferdige
Les også: Legendarisk spilldesigner forlater Sega

Kommentarer (3)

Forsiden akkurat nå

Til toppen