Anmeldelse

Shin Megami Tensei: Lucifer's Call

Omslaget er kanskje ikkje verdas penaste, men nåde deg om du går forbi denne perla av eit spel utan å seriøst vurdere kva du skal gjere dei neste vekene.

Side 1
Side 2

Dynamisk kampsystem
Når du først har eit knippe demonar du er komfortabel med, er det sjølvsagt kun ein ting å gjere; slakte andre demonar. Du gjer dette på ganske tradisjonelt vis. Det er eit turbasert kampsystem som er raskt, underhaldande og nøye gjennomtenkt. Til dømes kan du velje å la kampen gå automatisk for å få litt fart på ting. Du kan sjølvsagt slå av og på autopiloten som du vil om du skulle ha eit behov for å bruke spesielle eigenskapar. Du kan også skifte ut dei forskjellige demonane i gruppa di midt i ein kamp. Til dømes om du brått innser at du har med deg ein gjeng som alle er flinke med lyn, men er i kamp mot fiendar som får eit positivt kick av elektrosjokk. Du kan også få fienden til å misse ein tur ved å bruke ferdigheiter dei er svake mot.

Det er først og fremst alt som ligg rundt kampsystemet som gjer spelet unikt. Til dømes kan hovudpersonen bruke noko som heiter magatama. Dette er ei slags form for krystallar som gir forskjellige eigenskapar. Nokre gir deg kanskje betre styrke, medan andre gir deg eit løft på magi. Du har forskjellige attributtar du kan justere etter kvart som du går opp i erfaringspoeng, men dette er ikkje alt magatama påvirkar. Når du går opp i nivå får du nye eigenskapar, og kva magatama du brukar har direkte innverknad på kva ferdigheiter du får. Det er lett å lage ein unik karakter og få heilt andre erfaringar enn andre, noko som er litt uvanleg i eit japansk rollespel. Det skadar heller ikkje at du blir møtt av ein skrikande gitar kvar gong du går opp i erfaringsnivå. Den understrekar det faktum at "Yes! Eg er sterkare" på ein ganske festeleg måte.

Å springe rundt i eit alternativt Tokyo er ei erfaring som i stor grad er opp til deg. Det er ikkje så mange historiesekvensar i spelet, og mykje av progressjonen skjer ved at du snakkar med folk du møter. I motsetning til mange andre japanske rollespel er det veldig verdifullt å snakke med dei du støter på. Dei kan ha nyttig informasjon om verda rundt deg. Om det så er ein skjult veg, eller måtar å handtere visse fiendar. Det kjennest meir som om du er den karakteren du spelar, og at å snakke med folk har innverknad på spelet. Noko det også har. Du kan velje om du vil halde deg i selskap med demonane som vil ha ei verd i flammar, eller dei som har eit litt lysare syn på livet. Dette er noko som kan forandre utfallet av spelet.

Særeigen stil
Lucifer’s Call er eit veldig pent spel. Det er på ingen måte teknisk imponerande, eller eit spel fyllt til randen med små detaljar, men det er likevel noko veldig tiltrekkande med den visuelle stilen. Karakterdesignen er veldig spesiell, på ein måte som framhevar veldig godt at det er ei litt anna verd vi bevegar i. Personlegheitene til dei forskjellige karakterane kjem veldig godt fram ved hjelp av flott animering, og sjølv om det er eit sterkt teikneseriepreg over spelet, er det du ser mykje meir overbevisande enn dei fleste "realistiske" spel. Små detaljar på karakterane som å børste vekk litt hår frå ansiktet gjer mykje for å få fram karakterane.

Lyd er ikkje Lucifer’s Call si sterkaste side. Den er ikkje dårleg, men det er kanskje litt lite av den. Stort sett høyrer du lyden av føta dine og musikk, men det er som regel alt. Det er heller ingen stemmer i spelet, men akkurat dette er nesten ein positiv ting. Som når du les ei bok gir det deg større friheit til å skape dine eigne versjonar av skapningane i spelet. Det spelet manglar av lyd, er noko som hadde vore positivt krydder om det var der, men du tenker eigentleg ikkje over at det ikkje er der. Musikken er nok til å setje deg i riktig stemning, og det er ei variert blanding med musikk. Ofte går det i elektroniske stemningar, medan kampane blir prega av litt røff rock som får hjula i gong.

Konklusjon
Shin Megami Tensei: Lucifer’s Call er ei av desse skjulte perlene det er lett å gå glipp av. Det er eit fabelaktig eventyr som framstår som noko heilt spesielt, og det er det også. Du blir glad når du spelar Lucifer’s Call. Det er eit utruleg innbydande spel som har ei mengde flotte detaljar. Historia er i utgongspunktet mørk, men den er krydra med sjølvironi og humor som får latteren til å sitje laust. Demontransformeringa blir eit prosjekt i seg sjølv, der det nesten blir ein kamp mot deg sjølv for å få enda kulare demonar. I tillegg er spelet langt, og lar handlingane dine endre utfallet. Som ekstra krydder gjer Dante frå Devil May Cry ein entré, og er sjølvsagt seg sjølv lik. Shin Megami Tensei: Lucifer’s Call er eit usedvanleg sexy rollespel, og det er berre å glede seg til neste spel i serien forhåpentlegvis når våre breiddegrader.

Side 1
Side 2

Siste fra forsiden