Anmeldelse

Shin Megami Tensei: Lucifer's Call

Omslaget er kanskje ikkje verdas penaste, men nåde deg om du går forbi denne perla av eit spel utan å seriøst vurdere kva du skal gjere dei neste vekene.

Side 1
Side 2

Skal vi sjå, det er vel ca. slik leksa går: "Du er ein ung mann med stort hjarte og eit ynskje om å redde verda frå alt det vonde. Saman med gode vener legg du ut på eit eventyr som vil forandre livet for deg og dei rundt deg." Det høyrest ganske generisk og kjedeleg ut, og det var omtrent slik Lucifer’s Call framsto dei aller første minutta. Du befinn deg i Tokyo. Du er ein typisk ungdom som går på skulen og ikkje har noko spesielt å fortelje verda i nokon forstand. Det er nesten som om det skulle vere eit college-spel. Du spring rundt i Tokyo, slår av ein prat med læraren din, og møter forskjellige folk. Det viser seg likevel at alt ikkje er heilt normalt. Opprør og litt småkritiske tilstandar har lagt ei litt ubehageleg hand over byen.

Medan vi sit der og lurer på om dette skal utvikle seg til eit samfunnskritisk rollespel med eit kampsystem basert på politiske ytterkantar, byrjar ting å skje. Det tar eigentleg ikkje så veldig lang tid før spøkelse vandrar i gatene og demonar er eit vanlegare syn enn grafitti. Oppi det heile har Tokyo vrengt seg, og ligg no som smurt over innsida på ei gigantisk kule. Okay, ikkje akkurat det vi hadde venta, men la gå. Vi blir litt meir interessert i å studere kva som har skjedd med protagonisten i spelet. Den relativt kjekke unge mannen har no mista skjorta si og er dekt i blå neonstriper. Akkurat, greit, eg skjønar det. Vi prøvar å vere litt spesielle i dag.

Ein mann og hans demonar
I dette spelet er alle enten demonar eller spøkelse. Du er heilt aleine på eventyr, og må rekruttere demonar for å overleve spelets mange kampar. Medan du er i kamp, kan du velje å snakke med demonane for å overtale dei til å bli med deg. Det er fleire faktorar som bestemmer om ein demon blir med deg. Til dømes er det noko i spelet som heiter kagutsuchi. Kagutsuchi går i fasar mellom ein og åtte, og når den er på åtte er sjansen større for å hamne i kamp. Det er også mykje vanskelegare å overtale demonane til å bli med deg. Er kagutsuchi på ein, er det stikk motsatt. Kor sterk ein demon er har også betydning. Er demonen på eit høgre nivå enn deg, ser han gjerne på deg som ein pusling, og gidd ikkje bli med deg. Demonar er glade i gåve, så det gjeld å ha rikeleg med pengar og fine steinar.

Kagutsuchi har også innverknad på kor aktive demonane er. Er kagutsuchi på åtte er sjansen får å hamne i kamp stor, medan den er lav om kagutsuchi er på ein. Dette kombinert med prosessen å overtale demonar til å bli med deg gir spelet tilfeldige kampar ei meining, i staden for kun å vere eit etterspel frå gamle dagar.

Etter at du har brukt tid på å få med deg forskjellige demonar, er det på tide å ta dei med i kamp. Etter kvart får dei erfaringspoeng, og går opp i nivå. Det er då det skjer. Ein av demonane vil snakke med deg, berre for å fortelje deg at du er kjempekul, kjempesterk, og at han diggar deg. Etter ein god latter, og nokre ord om kor ufatteleg kult dette spelet er, går livet sin gong. Det neste som skjer er at ein anna demon går opp i nivå, og gjerne vil gi deg noko. Denne gongen får du ein vakker stein med magiske eigenskapar. At spelet belønnar deg effektivt på dennne måten, skapar ei glede over spelet som er vanskeleg å overgå. Du kjenner deg faktisk verdsatt av dei som har laga spelet, og det er noko som får deg til å spele meir.

Kjærleik mellom demonar
Det er ei negativ side ved å rekruttere demonar i Lucifer’s Call. Du blir glad i dei. Eg meinar, om ein demon vil snakke med deg for å fortelje deg at du er verdas kulaste person, så blir du litt svak for akkurat den demonen. Du vil behalde han lengst mogleg, noko som ikkje alltid er det mest praktiske. Du finn alltid nye demonar, sterkare demonar, og tøffare demonar. Alternativt kan du velje å gå for kun sexy demonar, men det er opp til deg. Kven vil vel ikkje heller ha ein halvnaken engel i lærreimer ved si side i staden for ein lodott med snabel? Heile poenget med å rekruttere demonar er å ha kamphanar til ein kvar situasjon. I byrjinga kan du kun ha åtte demonar, men dette er eit tal som utviklar seg etter kvart.

Det er fleire måtar å handtere demonane dine. Du kan la dei gå opp i erfaringsnivå, og ingenting utover det, men det er betre vegar å gå. Eit av Lucifer’s Call sine beste element er demontransformering. Ved å blande saman to demonar kan du lage ein heilt ny demon. Full oversikt over kva demon du vil ende opp med, og kva eigenskapar han vil ha får du sjølvsagt før transformeringa går i gong. Det er eit ganske stort hav av forskjellige demonar, og det er alltid ein ny art å finne eller skape. Du kan også ofre tre demonar for ekstra kraftige kreasjonar. Nokre demonar utviklar i tillegg seg sjølv. Ved å gå opp i erfaringsnivå vil dei automatisk bli om til ein kraftigare versjon av seg sjølv. Det er enorm dybde i denne delen av spelet, og demontransformering blir nesten eit spel i seg sjølv.

Side 1
Side 2

Siste fra forsiden