Anmeldelse

Shin Megami Tensei: Persona 3

Skuleliv og demonjakt

Det er mange måtar å kjempe mot demonar på. Ein av dei er å vende ein pistol mot deg sjølv.

1: First page
2: New page

Du er ein tenåring med blått hår, det er så langt ikkje mykje nytt å spore. Om dagen lev du eit anonymt liv, men ved midnatt kjempar du mot monster og demonar. Ikkje akkurat nytt det heller. Folk som lev to forskjellege liv har vore grunnlag for underhaldning lenge. Superheltar i alle fargar og fasongar har utført sine daglege syslar før dei dreg på seg ei drakt, og kjempar mot alle verdas vonde makter.

Det er likevel lite i Persona 3 som minnar om Batman og Supermann. Om vi skal dra parallellar, blir den næraste slektning anime-serien Bleach. Ein serie der vi følgjer livet til ein ung mann, der han må gå på skulen kvar dag, før han kjempar mot beist frå ein anna dimensjon.

Det er i det heile mange likskapstrekk med Bleach. Du har to separate liv. Om morgonen står du opp. Du går på skulen, du skravlar med medelevar, du følgjer med eller søv i timane, og du jobbar hardt før eksamen. På fritida går du kanskje på symjetrening, ser film, eller prøvar å sjonglere mellom dei fem kjærastane dine. Eit heilt typisk tenåringsliv altså.

Men ved midnatt, ved slaget tolv, då snik ein ekstra time seg inn på deg. Den mørke timen.

Det er svært få som veit om denne timen. Du er ein del av ei lita gruppe menneske som er vakne når ingen andre er det, og er vitne til dei monstrøse hendingane som kan utspela seg. Alle andre hamnar på merkeleg vis i kister, og søv søtt gjennom det som forandrar verda til ein mørk og forstyrra stad. Dei som er meir eller mindre vakne gjennom døgnets 25. time hamnar i ein av to kategoriar: Dei yttarst få som forstår kva som skjer og vil gjere noko med det, og dei andre som kvalifiserer seg for sjukeheimen for sinnslidande. Sistnemnde står igjen som drøvlande vrak, med eit vokabular som stort sett består av «Ahh» og «Uhh».

Du kan spørje deg kvifor ein skal bry seg. Om så godt som alle søv gjennom denne timen, kvifor ikkje berre la det stå til, og late som om ingenting har skjedd? Ein vakker tanke kanskje, men når fleire og fleire blir ramma av apati-syndromet («Ahh, Uhh»-vokabularet altså), og mengda av monster er på frammarsj, då må ein gjere noko. Heldigvis er det nokre smarte menneske der ute som har funne ei løysing. I kampen mot utyska er det berre ein ting å gjere, putte eit pistolløp mot tinningen, og fyre laus.

Bang, du er ... død?

Å vende eit drapsvåpen mot seg sjølv i farlege situasjonar høyrest kanskje ut som ein feig utveg, men no er det ikkje ein vanleg pistol vi snakkar om. Pistolane i Persona 3 er vekkjarar. Av dei få som er vakne gjennom den mørke timen, er det igjen nokre få som har evna til å framkalle ein Persona. Desse skapningane inneheld krefter langt utanfor dine eigne fysiske kvalifikasjonar, og ved å presse ein finger mot avtrekkjaren manar du fram Personaen din.

Dei fleste kan berre ha ein Persona, men du, du er unik. Du kan ha mange fleire. Dei kjem i alle formar og fasongar. Frå hjernar med tentaklar, til englar i minimale bondage-kostyme, og dei har alle sine forskjellege eigenskapar. Du kan i tillegg spleise saman to eller tre av desse sære skapningane for å lage nye. Med desse skyts englane ved di side, kan du ta opp kampen mot monstera som vil gjere livet surt for den kollektive verda.

Du gjer dette ved å reise til Tartarus, eit enormt bygg som strekkjer seg opp gjennom skyene, og forbi. I den mørke timen dukkar dette bygget opp der skulen ligg om dagen. Du byrjar langt nede, men vil natt etter natt flytte deg oppover, etasje etter etasje. Her drep du monster, enten med primitive våpen som sverd og boge, eller ved hjelp av ein Persona.

Alle for ein, ein for alle

Persona 3 skil seg frå mange andre rollespel på fleire måtar. Den mest umiddelbare er at du på tokt i Tartarus spring rundt i tilfeldig genererte miljø. Den andre er at gruppa du har med deg alltid er synleg. I japanske rollespel ser vi som regel berre hovudpersonen når ein utforskar område, men her ser vi alle, og dette har sin gode grunn. Du kan når som helst dele opp gruppa, og få kvar person til å utforske på eiga hand. Du kan i tillegg velje om dei skal leggje vekt på å kartleggje området og finne gjenstandar, eller om dei skal drepe fiendar. Det siste kan vere svært nyttig sidan alle erfaringspoeng blir delt mellom kvar deltakar i ein kamp. Ved å køyre eit sololøp vil kvar person få all erfaring sjølv, men samtidig ein større sjanse for å døy ved store utfordringar.

Når ein er i kamp, enten du er aleine eller med full gruppe, er alt turbasert. Her er likevel nokre vriar. Den viktigaste av dei kjem gjennom å finne eit monsters svake punkt. Om du får Personaen din til å bruke eit vindangrep mot ein fiende som ikkje tåler vind, vil du slå fienden ut av balanse. Dette vil automatisk gi deg eit ekstra angrep, slik at du kan gjere det same med neste fiende. Er alle fiendane nede, kan du gi beskjed om at alle krigarane i gruppa di skal angripe fienden samtidig.

Du har ingen direkte kontroll over gruppa di. Det einaste du kan gjere er å instruere dei til å gjere som dei vil, eller sentrere seg om eit spesielt område. Til dømes kan du gi nokon beskjed om å hjelpe dei som treng hjelp, eller å angripe eit bestemt monster. Dette fungerer for det meste heilt greit, men av og til saknar eg direkte kontroll. Til dømes er gruppa di ignorant ovanfor ein fiendes svake punkt. Kanskje har ein i gruppa di nett slått ut ein fiende, men i staden for å gå vidare til neste, slik at du kan få i gong eit stort angrep, vil han angripe same fiende to gongar.

1: First page
2: New page

Siste fra forsiden