Anmeldelse

Shining Soul II

Dottera til kongen er bortført, og sjølvsagt er det opp til deg å redde ho. Det merkelege er at kun etter eit lite slagsmål i ei turnering (ja, kun eit), legg kongen heile ansvaret for å få henne tilbake, på dine pixeløse skuldrar. Det i seg sjølv er grunn god nok for å tvile på kongens dømmekraft. Greit nok, å prestere uavgjort mot eit beist av ein minotaur trass i at du kun er på nivå ein, er ei bragd, men det får vere grenser. Kven ved sine fulle fem ville vel kun sende ein person for å redde dottera si? Og enda viktigare, ein ukjend person, på nivå ein?

Tungvindt grensesnitt
Om du ikkje har slite ut knappane på GBA-en din enda, vil nok Shining Soul II setje inn nådestøtet. Det er så mykje undøvendig tekst å pløye gjennom at stivkrampa sit laust. Om du skulle vere så uheldig å døy i løpet av eventyret ditt (og stol på meg, det vil du gjere), endar du opp i ei seng i slottet til kongen. I den blir du liggande til du har høyrt kva dama i rommet har å sei, og ho seier det same, kvar gong du døyr. Noko liknande gjeld det mildt sagt håplause lagringssystemet. Skal du lagre eit spel, kanskje fordi togturen din er ferdig, må du først trykke deg gjennom ei ufatteleg lang lekse om korleis lagring vil føre deg tilbake til tittelmenyen igjen, og korleis du kan hente fram spelet igjen. Du trykker og trykker frenetisk, sjølv om du veit svært godt at det ikkje hjelper.

Shining Soul II er eit veldig barnevenleg spel. Bortsett frå den undøvendige informasjonen du får servert kvar gong du lagrar eller dør, er det lite tekst å lese gjennom. Det er ikkje lange dialogar med mykje informasjon, og har du snakka med nokon ein gong, har du høyrt alt dei har å sei. Det er også veldig lett å plukke opp og spele. Du spring rundt i eit sukkersøtt landskap befolka med sukkersøte skapningar og trykker på B for harde livet. Dei fleste vil nok raskt lære seg å utnytte den mildt sagt horrible kunstige intelligensen. I ekte retrostil stoppar alle fiendar opp så snart det kjem eit hinder i vegen. Altså, ein fin sjanse til å stå på staden kvil og skyte det du måtte ha av langdistanse-arsenal. Spesielt vampyren fungerar bra til dette, med sin "Drain"-magi. Du gir mykje skade, og får litt liv for det i tillegg.

Din eigen spelestil
Det positive med Shining Soul II er korleis du sjølv kan velje spelestil. Det er åtte klassar å velje mellom, og når du går opp i erfaringsnivå vil du kunne velje kva eigenskapar og attributtar du vil forbetre. Om du til dømes vel vampyren, kan du setje alle poeng på "Drain" og intelligens, og vips, du har eit monster av ein blodsugar. Fella her blir jo sjølvsagt at du er svært mottakeleg for fysisk skade. Er du krigar og spring rundt med sverd, har du ein stor fordel, uansett kva situasjon du er i. Du tåler meir, og du gir meir fysisk skade. Spring du rundt med magi kan du raskt ende opp med å springe frå ein ende av eit kart, til ein anna. Alt dette fordi du du må lade opp magi, og ikkje får kasta noko om du får eit slag mot deg.

Det er ingenting ved verken grafikk eller lyd som skiljer Shining Soul II frå andre eventyrspel. Det ser ut som ein forventar det. Fine bakgrunnar med overdimensjonerte figurar som hoppar lykkelege rundt på skjermen. Dessverre blir det raskt einsformig. Dei fleste nye monster og område du møter på, er svært like dei forrige. Omtrent det einaste som forandrar seg er fargane som blir brukt, sjølv om det går i pastelltonar stort sett heile vegen gjennom. Det same gjeld for musikken. Kvart område har sine tema, og i byen vil du finne lystige og glade melodiar. Tar du steget til eit fiendtleg område derimot, vil den same nitriste horrormusikken plage deg kvar gong. Litt variasjon hadde definitivt gjort seg.

Shining Soul II har også eit fleirspelar-modus. I denne kan du spele gjennom heile eventyret med opp til tre vener, eller du kan besøke stadion og krige mot dei. Fleirspelar-modus krevar to kopiar av spelet, og vi har av denne grunn beklagelegvis ikkje hatt anledning til å teste det.

Konklusjon
Dette er eit spel du kun bør vurdere om du har runda alt som er av eventyrspel til Game Boy Advance. Opplevinga er ingenting utanom det vanlege, og viser seg heller som eit godt stykke under gjennomsnittet kva kvalitet angår. Det har rein og fin grafikk, eit par melodiar det fint går an å nynne på, og det gir i det minste ei god stemning. Det uunngåelege faktum er likevel at etter å ha sprunge gjennom enda eit brett identisk med det forrige, for å drepe den aller siste fargevarianten, av det ytterst sparsomme utvalet av monster, blir du lei. Historia blir for uinspirerande, og kampane engasjerar ikkje godt nok. Du kan muligens skvise litt moro ut av det om du får ein kamerat til å kjøpe det også, men dette spelet er ikkje verd 500 kr, langt mindre 1000.

Vurdering


Shining Soul II GBA GBA 4/10

Spilldetaljer

  • Lanseringsdato: 10. april 2004
  • Plattform: Game Boy Advance
  • Utgiver: THQ
  • Utvikler: Ritual

Kommentarer (1)

Forsiden akkurat nå

Til toppen