Som Street Fighter, men du kan utforske brettet

Abyss Odyssey blandar slåssespel med utforsking i to dimensjonar.

Actionspel er som regel bygde opp rundt ein ganske enkel formel. Uavhengig av om dei er i 2D eller 3D, møter du som regel ei rekke fiendar som aldri byr på den heilt store utfordringa før du omsider møter ein stor stygging som toppar alt du har sett så langt.

Dette har chilenske ACE Team bestemt seg for å gjere noko med. Via Eurogamer får vi høyre om deira neste spel Abyss Odyssey. Det vil blande kampsystema frå slåssespel som Street Fighter, med sideskrollande utforsking i to dimensjonar.

Avansert kampsystem

Blir Abyss Odyssey like visuelt slåande som Zeno Clash?

Kvar fiende du møter i Abyss Odyssey vil by på store utfordringar og sine eigne angrepsmønster. Det vil ikkje vere nok å slå frå deg eit par gongar, og det blir i staden viktig å lære seg korleis dei går fram, og bruke dine eigne angrep klokt.

Når du har fått kål på fiendane vil du kunne absorbere sjelene deira slik at du kan gjere deg om til dei og angripe nye fiendar med heilt nye angrep og triks.

Det heile vil skje i ei verd som byggjer opp kvart nivå tilfeldig basert på eit mylder av byggjeklossar. Tilsynelatande har du òg berre eitt liv å gå på, så det gjeld å halde tunga beint i munnen.

For folk flest er ACE Team best kjende for Zeno Clash-serien. Det første spelet fekk god mottaking her hos oss, men oppfølgjaren fekk hardare medfart. Vår meldar meinte spelet var fullt av ambisjonar som aldri greidde å innfri.

Abyss Odyssey kjem i sal på Xbox 360, PlayStation 3 og PC seinare i år. Dei første klippa frå spelet kan du sjå i videoen nedanfor.

Siste fra forsiden