Sideskrollande Castlevania-spel til PC

Du må ikkje ha konsoll for å spele HD-versjonen av Mirror of Fate.

HD-versjonen av det sideskrollande Castlevania-spelet Mirror of Fate blei lansert på Xbox 360 og PlayStataion 3 i fjor haust. Ein PC-versjon blei det derimot ikkje sagt noko om, noko som var ganske rart sidan både det første Castlevania: Lords of Shadow-spelet, samt oppfølgjaren Lords of Shadow 2 begge var på veg til Steam.

I dag har derimot Konami sendt ut ei pressemeldig der dei fortel at eventyret om Trevor Belmont kjem til PC i løpet av mars. Mirror of Fate fungerer som eit bindeledd mellom Lords of Shadow og Lords of Shadow 2, og gjev oss historia om korleis Trevor Belmont legg ut på tokt for å hemne mora sin død, og endar opp med å møte faren sin Gabriel som no har skifta båda ham og namn til Dracula.

Variabel kvalitet

Sideskrollande action iCastlevania: Lords of Shadow – Mirror of Fate.
Sideskrollande action iCastlevania: Lords of Shadow – Mirror of Fate.

Det er spanske Mercury Steam som står bak dei nyaste spela i Castlevania-serien. Dei starta veldig sterkt med actionspelet Castlevania: Lords of Shadow, og heldt det heile fram med det knakande gode spelet Mirror of Fate på 3DS.

Forventningane var difor høge før Castlevania: Lords of Shadow 2 blei lansert i februar. Det spelet enda derimot opp med å skuffe stort. Her hos oss enda vi opp med å gi det berre fire av ti poeng. Mykje av grunnen var eit lass med unødig og keisamt fyllstoff, kaotiske og uoversiktlege kampar, samt ei usamanhengjande historie:

«Eg har ikkje vore så demotivert for å spele eit spel på lang, lang tid. Å kome seg gjennom spelet har vore ei utfordring av den grunnen aleine. Det har absolutt sine høgdepunkt, og enkelte kampar kan vere svært underhaldande, men den totale pakka er for svak. Hadde utviklarane høvla bort halvparten av det unødige fyllstoffet spelet byr på kunne dette blitt riktig så bra. I staden har vi fått eit overvektig spel som manglar mål og meining.»

Om du er blant dei som likte Lords of Shadow 2 kan du sjå fram til den første utvidinga som blir lansert 25. mars. I den får vi spele som Draculas vampyrson Alucard.

Kommentarer (1)

Forsiden akkurat nå

Til toppen