SimCity-veteranar dannar nytt studio

Vil lage spel om korleis livet på planeten blei til.

Ocean Quigley, Andrew Willmott og Dan Moskowitz er alle veteranar frå SimCity-studioet Maxis. Fram til no har dei tent til livets brød ved å leiande roller under utviklinga av spel som SimCity, SimCity 4, Spore og The Sims 2.

Etter mange år i det EA-eigde selskapet har derimot trekløveret funne ut at det er på tide å gjere noko heilt nytt. Via Twitter har Ocean Quigley informert om at dei alle har slutta i Maxis fordi det var på tide å prøve noko nytt. Dei har starta studioet Jellygrade, og deira første prosjekt vil bli eit spel som vil ta føre seg starten på alt liv på jorda. Det vil handle om lava, vatn, stein og dei første levande skapningane.

Konseptskisse frå Jellygrade sitt første spel.

Tumblr-bloggen sin har dei lagt ut nokre enkle konseptbilete som viser korleis dei ser føre seg at spelet vil sjå ut. Der kan vi sjå lava som etter kvart størknar, og kanskje får tilført vatn via ein meteor. På Twitter skryt Quigley over ein heilt ny simuleringsmotor som vil liggje til grunn for spelet.

Spelet deira har ikkje fått noko namn enno, men Jellygrade-gjengen lovar å kome med regelmessige oppdateringar på bloggen sin. I første omgang er spelet tenkt som eit iPad-spel.

Les også: The Sims 4 kommer neste år Les også: Anmeldelse: SimCity

Siste fra forsiden