SimCitys nettkrav forsvinn

EA gjer seg klare til å levere det spelarane har bedd om.

Heilt sidan katastrofelanseringa av SimCity i fjor vår, har spelarane vore unøgde med at du er nøydd til å vere pålogga for å få ta del i byplanleggjinga. EA hevda opprinneleg at det var heilt umogleg å lage ein versjon av spelet som ikkje krev nettilgang.

Det viste seg å ikkje stemme heilt etter at ein ivrig moddar klarte å deaktivere sperra som kastar deg ut av spelet om du mistar tilkoplinga. Riktig nok kunne ikkje spelet lagrast etter deaktiveringa, men tuklinga hans viste i det minste at det var mogleg å spele utan nett.

Einspelarmodus på veg

Snart kan du byggje alt du vil i ro og mak.
Snart kan du byggje alt du vil i ro og mak.

No har EA og utviklarane hos Maxis kunngjort at SimCity nesten eit år etter lansering vil kunne spelast utan å vere kopla til nettet. Den nye einspelarmodusen vil kome som ein del av den tiande oppdateringa til spelet, skriv Patrick Buechner frå Maxis i eit blogginnlegg på SimCity-nettsidene. Når denne oppdateringa blir tilgjengeleg seier han ikkje noko om.

Før oppdateringa kan gjerast tilgjengeleg er det viktigaste for Maxis å sørgje for at den nye modusen er stabil, og fungerer som den skal. For å få til den jobben har ein gjeng aktive spelarar fått moglegheita til å teste den nye modusen.

At SimCity snart kan spelast utan konstant nettilgang får ikkje noko å seie for resten av spelet. Buechner skriv i innlegget sitt at det gamle spelet blir akkurat det same som før. Om du vil å spele einspelarmodusen kan dette ikkje overførast til den tilkopla varianten av spelet.

Om du treng meir underhaldning i same gate som SimCity kan det vere verdt å sjekke ut Cities in Motion 2. Eventuelt kan du ta ein kikk på vårt tilbakeblikk på SimCity 2000.

Kommentarer (55)

Forsiden akkurat nå

Til toppen