Anmeldelse

Siren: Blood Curse

Iskald japansk grøss

Noko er frykteleg gale i den aude japanske landsbygda, og gjett kven som må ordne opp.

Japansk grøss fekk seg ein oppsving for nokre år sidan. Spesielt gjeld dette filmar som The Ring og The Grudge som begge er amerikanske versjonar av japanske filmer. Det er noko heilt spesielt med den japanske måten å skremme folk på. Det er ikkje alltid eit mørkt hus med ein gjeng tenåringar, der hovudpersonane alltid tek heilt feil val, og berre ein person står igjen. Japansk skrekk og gru er gjerne litt vanskelegare å forstå. Det er ikkje tydeleg kva som eigentleg skjer, og dette gjer mykje for å setje deg i ei heilt spesiell stemning der neste hending er uforutsigbar.

Trailer til Siren: Blood Curse

Vis større

Trailer: Siren: Blood Curse #3

Stikkord:
  • action
  • skrekk
  • spill
  • playstation 3
  • siren
  • blood curse


Japan er store på skrekkspel òg. Resident Evil-serien er sjølvsagt, men Silent Hill-serien har vore minst like dominerande på skrekkmarknaden. Andre seriar har vore mindre profilerte, men har likevel prestert å setje ein støkk i spelarane. Forbidden Siren-serien er ein av desse, og i Siren: Blood Curse får vi ein litt anna versjon av deito spela som kom til Playstation 2.

Siren: Blood Curse er episodebasert og kan kjøpast og lastast ned fra Playstation Network. At spelet er episodebasert gir det ein heilt anna flyt enn vi er vant med. Kvar av dei tolv episodane set deg inn i eit knippe forskjellege situasjonar du må løyse, som ein av dei forskjellege hovudpersonane. Når du har spelt deg gjennom ein episode, blir du møtt av eit samandrag som kjapt gir deg eit lite innblikk i kva som vil skje om du lastar ned den neste. For å sørgje for at du alltid heng med, byrjar kvar episode med eit samandrag av den førre.

Alt går til helvete

Eit amerikansk TV-team er på oppdrag i Japan for å lage eit program for sin serie om paranormale hendingar. Nøyaktig kva dei er på jakt etter, og kven dei er kastar ikkje spelet bort tid på å fortelje deg. Det heile byrjar i det den amerikanske gjengen er vitne til eit bestialsk og rituelt mord. Herfrå går det berre ein veg; nedover.

Siren: Blood Curse er svært forvirrande. Du spelar i ei lita stund som ein amerikansk student, før du brått er ein professor. I starten seier det seg sjølv, dei forskjellege personane er ikkje på same stad, og difor får du oppleve kva kvar og ein av dei gjer på. Det heile blir ofte snudd på hovudet av korleis du aldri kjenner deg trygg på dei forskjellege personane i spelet, du veit ikkje kven dei er, eller i andre tilfelle, kva dei er.

Draumar kan vere ei forklaring, for det hender at folk vaknar og lurer på kva som skjedde, men det forklarar eigentleg ingenting likevel. Du blir berre nøydt til å spele med og håpe på at forklaringa ein eller anna gong vil dukke opp.

Nervepirrande på fleire måtar

Siren: Blood Curse er mørkt. Veldig mørkt. Som om svarte natta ikkje skulle vere nok, er heile spelet dekka i eit mørkt og kornete slør. Ei lommelykt er din einaste kjelde til lys. Slår du den av ser du som oftast ingenting. Heldigvis har alle ei lommelykt, så du vil ikkje lide den heilt store nauda.

Den største utfordringa innleiingsvis kjem gjennom eit kontrollsystem som lett kan verke gammaldags. Du både styrer folka og ser rundt deg med den venstre analogstikka, og dette gjer ting ganske tregt til tider. Om du berre vil sjå rundt eit hjørne må du liste deg fram, for så forsiktig snike deg rundt. Du kan bruke den høgre analogstikka til å sjå litt frå side til side, men det er ikkje nok til at du kan snu deg rundt, og det forandrar ikkje vinkelen som karakterane vender seg.

Dette høyrest kanskje ikkje så veldig optimalt ut, og det er det ikkje heller, men du blir vand med det. Etter kvart tenkjer du nesten ikkje over det, og det bidrar berre til å gjere spelet enda meir nervepirrande, noko som er viktig for eit slikt spel.

Gi meg liv!

Ditt viktigaste «oppdrag» i ein kvar situasjon, er å ikkje la fienden drepe deg. I Siren: Blood Curse møter vi ein variant av zombier, kalt Shibito. Dei er for det meste ganske trege, så du vil sjeldan bli tatt fullstendig på senga utan sjanse for å kome deg unna, men det er best å ha eit våpen for å vere trygg. Akkurat det med våpen er eit litt feilslått konsept i Siren: Blood Curse. Du startar kvar episode utan våpen, sjølv om du skulle ha funne ei hagle før du slutta av den førre. Mykje av tida i starten av ein episode går difor med til å finne eit våpen. Om du står utan, er du så godt som død i dei fleste situasjonar. Knyttnevar er like effektive som å drepe ei flue med luft.

Det er mange forskjellege våpen i spelet, men å finne dei i starten kan vere problematisk. Har du først funne eit våpen, om det så er ei knust flaske eller eit videokamera, er jakta di på nye våpen mykje lettare. Når du slår ned ein Shibito, mistar han som regel våpenet sitt, slik at du kan plukke det opp. Den praktiske forskjellen på våpen er sjeldan stor, men ein spade har gjerne større rekkevidde enn eit barberblad.

Det som raskt blir veldig tydeleg er at Siren: Blood Curse definitivt ikkje er eit actionspel. Kampane er trege, og kontrollsystemet gjer det lett å bomme. Mange gongar har eg enda opp med å slå bak fienden, ved sidan av han, eller på andre ting som på ingen måte hjelper oppdraget mitt. Eit anna problem oppstår når du får deg eit skytevåpen. Dei har som regel berre plass til to kuler, og den konstante ladinga av våpenet ditt eignar seg veldig godt til eit nervepirrande skrekk-scenario, men ikkje til action. Difor er det veldig trist at det er akkurat denne sistnemnde sjangeren spelet tvingar på deg heilt på tampen av historia.

Det fungerer frykteleg dårleg når du med to kuler om gangen skal skyte ned ein bøling av den Shibito-typen som faktisk er ganske rask. Det heile blir verre, og lettare patetisk når du i ein lattervekkande sekvens må kaste TV-antenner på ein stor klump av hud og bein.

Tving opent mitt tredje auge

Det er ikkje alltid du kan bruke våpen, noko den vesle jenta Bella Monroe er eit døme på. Ho er rett og slett for liten og skjør til å kaste seg ut i slike aktivitetar. I staden må ho snike seg forbi Shibitoane, og gøyme seg på trygge stader medan ho listar seg mot målet.

For å hjelpe seg med dette kan ho sjå gjennom Shibitoane sine auge. Du kan lett søkje etter fiendar i området, og dette vil vise eit raudt kryss på skjermen som indikerer kvar i terrenget dei er. Skjermen blir i tillegg delt i to, der den eine halvparten vise kva Shibitoen ser, samtidig som vi høyrer dei festelege lydane dei lagar. Dette er du heilt nøydt til å bruke i mange situasjonar. Bella kan låse seg fast til auge på ein Shibito, og slik navigere seg i terrenget for å finne ut kva den ser, slik at du kan ta ein trygg ved.

Det er ikkje Berre Bella som kan bruke denne teknikken, men det er med ho det er aller viktigast. Når du ikkje har våpen å forsvare deg med, er du avhengig av å finne ein trygg veg. Sjølv om Bella kan bli ein ganske irriterande karakter i visse situasjonar, er det når du spelar som ho at spelet ofte fungerer på sitt beste.

Bekmørk stemning

Det litt stive kontrolloppsettet i Siren: Blood Curse gir eigentleg veldig god meining etter kvart som du spelar meir. Det bidrar til at du får ei kjensle av å vere i fare. Du er ingen supermann, du er ein heilt vanleg person, og du er i trøbbel. Den svært mørke grafikken og den praktisk talt totale mangelen på fargar, er òg ein kraftig bidragsytar for eit spel med ei svært god stemning.

Siren: Blood Curse er eit pent spel, men du legg eigentleg ikkje merke til det gjennom det støyande ytre spelet kastar mot oss. Det einaste du ser er mørke rom, mørke vegar, og likbleike fiendar som veivar armane sine mot deg. Dei uhyggelege lydane dei lagar er i tillegg ein god motivasjon til å ta beina fatt. Om du ikkje ser ein Shibito, kan du vere trygg på at du høyrer han, og lyden av hjarteslaga dine blir sterkare etter kvart som du nærmar deg.

Det er eigentleg svært mykje som er vellukka med presentasjonen av Siren: Blood Curse. Skodespelet er godt, og spesielt nemneverdig er korleis japanarane snakkar japansk, medan amerikanarane snakkar engelsk. Det får det heile til å framstå som mykje meir truverdig enn kva det hadde gjort om alle snakka flytande engelsk. Det er ein japanar som prøvar seg på engelsk, men du høyrer tydeleg kor lite trent han er på det området.

Konklusjon

Siren: Blood Curse er ei skummel forteljing som ikkje er heilt fullstendig vellukka, men det er eit svært respektabelt forsøk. Eit litt keitete kontrollsystem endar ironisk opp med å på sett og vis gjere spelet betre, sidan det lettare kan setje deg i ei kjensle av lettare panikk. Etter kvart som du blir vand med kva spelet har å by på, dabbar den store spenninga av, men den absurde historia har noko veldig spesielt det er vanskeleg å ikkje bli fascinert av. Det er spanande, du lurer på kva som eigentleg skjer, og den episodebaserte strukturen gjer det lett å kaste seg ut i enda ein episode.

Merknad: Siren: Blood Curse er for augeblinken berre tilgjengeleg via Playstation Network, men kjem også som Blu-ray-utgjeving i løpet av hausten.

Siste fra forsiden