Sjå dei nye skjermbileta til The Witcher 3: Wild Hunt - Blood and Wine

CD Projekt RED viser oss utdrag frå den nye ekspansjonen.

CD Projekt RED

The Witcher 3: Wild Hunt har fått veldig mange gode kritikkar sidan det kom ut, og det same har den fyrste ekspansjonen, Hearts of Stone. No nærmar me oss avslutningen på The Witcher-universet for denne gongen, i form av Blood and Wine.

20 timar med nytt innhald

Flotte omgivnadar, men er ikkje det rustningen frå det fyrste spelet?
CD Projekt RED

Blood and Wine handlar om Geralt of Rivia sine eventyr i Toussaint, eit hertugdømme som er kjend i The Witcher-universet for sin vakre natur, flotte arkitektur og gode vin. I bøkene som Witcher-spela baserer seg på er hovudstaden i Toussaint, Beauclair, byggja på ruinane av eit legendarisk alvepalass.

21. april blei eit bilete av baksida av spelcoveret til Blood and Wine publisert på Reddit. På coveret står det om Geralt sin siste Witcher-kontrakt, som har ført til spekulasjon om at utvidinga tar plass etter slutten av historia til spelet. Hearts of Stone hadde ingen klar tilknytning til hovudhistoria, då ein ikkje får noko meir enn nokre kommentarar om Geralt sitt arr frå Triss, Ciri og Yennefer.

Baksida av coveret er pryda av ein vampyr, som antakeleg blir eit viktig element i historia til Blood and Wine. Det er også bilete av ein vampyr på framsida av spelcoveret.

Geralt på bankett.
CD Projekt RED

I fylgje offisielle utsagn frå CD Projekt RED vil den nye utvidinga vere dobbelt så stor som Hearts of Stone, rundt tjue timar. Dei samanliknar utvidinga med storleiken til The Witcher 2.

Fleire nyheiter kjem snart

– Me vil kome med meir informasjon om ekspansjonen i mai, seier Marcin Momont, leiar for spelsamfunnet og nettsidekoordinator hos CD Projekt RED.

Marcin Momont har tidlegare sagt at me ikkje får sjå igjen karakterar frå The Witcher 2: Assassins of Kings som Iorveth og Saskia. Elementa frå det fyrste Witcher-spelet i skjermbileta gir ein derimot eit håp om at me får sjå nokre fleire karakterar frå det fyrste innslaget i serien. Ein av hovudkarakterane frå The Witcher, Shani, dukka opp i Hearts of Stone.

Blood and Wine legg til ein ny faksjon i Gwent, Skellige.
CD Projekt RED

Anna Henrietta er ein sentral karakter i ein av The Witcher-bøkene, så me vil antakeleg få sjå fleire kjende fjes frå bøkene.

Meir Gwent

Les også
Anmeldelse: The Witcher 3: Wild Hunt - Blood and Wine

The Witcher 3: Wild Hunt sitt minispel Gwent får ein ny faksjon med nye kort. Faksjonen viser kort frå Skellige, ei øy som i stor grad baserer seg på irske og nordiske stadnamn.

Biletet er prega av den eine jarlen på Skellige, Lugos the Madman. Fuglen er mest sannsynleg Gyllenkam frå norrøn mytologi.

Siste fra forsiden