Sjå Final Fantasy XIII i pixelform

Square Enix byr på ei noko uortodoks oppvarming til det neste kapittelet i serien.

Neste månad lanserer Square Enix det avsluttande kapittelet i Final Fantasy XIII-serien. I Lightning Returns: Final Fantasy XIII møter vi igjen heltinna Lightning, og denne gong må ho kjempe mot tida for å redde folk før verda går under.

For at dei som eventuelt ikkje skulle ha fått med seg Final Fantasy XIII og Final Fantasy XIII-2 har Square Enix lagt ut ein video som grovt går gjennom handlinga fram til no, i pixelform. Det heile ser ut som eit av Square Enix sine Final Fantasy-spel til Super Nintendo, med chiptune-variantar av musikken attåt. Den nesten åtte minutt lange videoen kan du sjå nedanfor.

Større og friare

Final Fantasy-serien byr som vanleg på eit solid utval farlege beist.
Final Fantasy-serien byr som vanleg på eit solid utval farlege beist.

Lightning Returns: Final Fantasy XIII byr på drastiske endringar i forhold til dei tidlegare spela. I dette spelet får du berre styre Lightning, i motsetning til gruppene du gjerne har styrt tidlegare. I spelet står du fritt til å reise rundt i verda slik du sjølve vil.

I tillegg lar spelet deg kle opp Lightning i ulike klede som byr på fleire forskjellige eigenskapar og karakterklassar. Systemet kan minne om det vi fann i Final Fantasy X-2, men skal by på langt større valfridom. Det heile blir avrunda med eit svært actionfokusert kampsystem. Har du ein fobi mot engelske oversetjingar kan du i tillegg spele spelet på orginalspråket.

Vi tok ein kikk på spelet i fjor, og meinte det hadde potensiale til å by på solid underhaldning:

«Dei første inntrykka frå spelet har vore positive. Lightning verkar litt meir som seg sjølv denne gongen, og ho har ein aggressivitet i dialogen som er kjærkome etter dei noko pompøse strofene hennar i Final Fantasy XIII-2. Om Square Enix styrer skuta inn på røtt kjøl, kan dette kan bli riktig så solide greier.»

Eit anna ferskt rollespel frå Japan du bør få med deg er fabelaktige Bravely Default til 3DS.

Kommentarer (4)

Forsiden akkurat nå

Til toppen