Sjå alle løp i PGR 4

Bizarre Creations har avslørt omfattande funksjonar for «On Demand»-tenesta i PGR 4.

I eit intervju med Eurogamer har Bizarre Creations letta på lokket for kva «On Demand»-tenesta i Project Gotham Racing 4 vil innehalde. Det mest interessante er definitivt at du potensielt sett kan sjå alle løp køyrt i spelet nokon sinne.

Skjermbilete frå PGR 4

Du kan til dømes ta del i eit verdsmeisterskap, og få med deg alle løpa. Om du blir slått av nokon, finne alle filmar frå den spesielle føraren, og finne ut kva han eller ho gjer. Dette vil potensielt gi deg sjansen til å førebu deg på utfordrande løp. Samtidig vil du få deg ein nasjonalitet når då spelar på Xbox Live, noko som vil la deg vite om du er den beste i landet ditt, eller verda for den saks skuld.

– Du kan velje å ikkje lagre ein film, men kven vil vel det? Spør Craig Howard frå Bizarre Creations.

I tillegg til å lagre filmane dine, kan du skrive inn nøkkelord slik at andre lettare kan finne filmane dine. Har du til dømes hatt eit stort krasj, kan du skrive inn «krasj» når filmen blir lagra. På denne måten kan folk skrive inn søkeord for å finne forskjellege filmar med det temaet dei er interessert i å sjå. I eit forsøk på å skape eit samfunn rundt tenesta, kan du gi karakter på andre folk sine filmar, samt skrive ein kommentar.

Project Gotham Racing 4 køyrer inn i butikkane i september.

Siste fra forsiden