Skateboard-spelet OlliOlli til PC

Om du vil skate på rakettar og dinosaurar får du sjansen nest veke.

Skatespelet OlliOlli landa på PlayStation Vita i januar til strålande mottaking frå såvel kritikarar som spelarar. Dette spelar har droppa dei tredimensjonale verdene skatespel stort sett byr på, og gav oss i staden eit sideskrollande spel der du skal gjere triks i ei rekke ulike miljø som nedlagde militærbasar og høgteknologiske byar. Ein og annan dinosaur sneik seg òg inn i spelet.

I dag har utviklarane sendt ut ei pressemelding der dei fortel at OlliOlli dukkar på nye plattformer allereie neste veke. Frå og med 22. juli kan alle som ikkje har ein PlayStation Vita bryne seg på ei rekke skateutfordringar via Windows, Linux og Mac.

Ein død sjanger?

Ingen tur til Japan utan ein massiv robot.
Ingen tur til Japan utan ein massiv robot.

På starten av 2000-talet var skatespel det verkeleg store. Tony Hawk-serien herja for fullt, og snowboard-konkurrenten SSX laga galskap på fjellet. Etter suksessen med snowboard, valde etter kvart EA å sikte seg mot skateboard-pokalen òg, noko dei klarte ganske godt med Skate-serien.

Fenomenet døydde derimot bort omtrent like raskt som det kom, og det har vore ganske stusselig på spelfronten dei siste åra om det er skating du helst vil ha.

Om OlliOlli kan skape ein renessanse for skatespela gjenstår å sjå, men vår mann var mektig imponert då han fekk testa brettferdigheitene sine tidlegare i år. Han klinka til med åtte poeng, og hadde dette å seie i si vurdering:

«OlliOlli er eit svært godt skateboardspel som, i mangelen på konkurranse frå dei store gutta hos Activision og EA, no bær ein hel undersjanger på sine skuldrar. Og dei små utviklarane i Roll7 har gjort ein god jobb. Til tross for å vere et 2D-basert skatespel er sjølve skatinga meir enn potent nok. Med eit velskapt system for triksing, grinding og landing, samt eit engasjerande poengsystem som lar deg lenke fleire hopp saman for massive poengsummar, er spelinga aldri keisam.»

 

Kommentarer (0)

Forsiden akkurat nå

Til toppen