Skatespelet OlliOlli får oppfølgjar

Den vågale skateren tek turen til filmverda neste år.

Ei av årets store overraskingar var utan tvil PlayStation Vita-spelet OlliOlli. I dette sideskrollande skatespelet fekk vi gjennom eit solid triksesystem herje over både rakettar og monster i eit absurd og utfordrande spel.

I dag har utviklarane hos Roll7 sendt ut ei pressemelding der dei har avslørt at OlliOlli2: Welcome to Olliwood vil bli lansert på PlayStation 4 og PlayStation Vita i løpet av neste år.

I oppfølgjaren reiser vi til filmbyen Olliwood der vi får skate på mange overdådige filmsett. Med ein nye grafikkmotor lovar utviklarane eit mykje lekrare spel som likevel vil ivareta den særeigne stilen til det første spelet.

Mykje nytt under lokket

Ingen filmstudio med respekt for seg sjølv kan klare seg utan ein Western-film eller to.
Ingen filmstudio med respekt for seg sjølv kan klare seg utan ein Western-film eller to.

Ved sidan av ny grafikk vil naturlegvis spelet by på ei rekke spelmekaniske forbetringar. Ramper, hopp og svære bakkar blir nemnt, medan triksesystemet blir oppgradert med ei rekke nye moglegheiter. I tillegg vil spelet by på ein ny modus for fire spelarar der ein skal konkurrere om å få den høgste poengsummen.

Vi hadde sansen for OlliOlli då det landa på PlayStation Vita i tidleg i år. Vår mann meinte det var ein brutal, men gjevande leik, og gav det åtte poeng på skalaen:

«OlliOlli er eit svært godt skateboardspel som, i mangelen på konkurranse frå dei store gutta hos Activision og EA, no bær ein heil undersjanger på sine skuldrar. Og dei små utviklarane i Roll7 har gjort ein god jobb. Til tross for å vere eit 2D-basert skatespel er sjølve skatinga meir enn potent nok. Med eit velskapt system for triksing, grinding og landing, samt eit engasjerande poengsystem som lar deg lenke fleire hopp saman for massive poengsummar, er spelinga aldri keisam.»

OlliOlli blei lansert på PC i sommar, men om oppfølgjaren tek same veg har ikkje utviklarane sagt noko om.

Kommentarer (0)

Forsiden akkurat nå

Til toppen