Skrekkspelet The Evil Within er utsett

Resident Evil-skaparens team treng hakket meir tid for å finpusse blodbadet.

Med The Evil Within prøvar Shinji Mikami og hans Tango Studios å ta oss tilbake til røtene til skrekkspelsjangeren. Mikami er best kjent for å ha skapt Resident Evil-serien, før han snudde opp ned på den med Resident Evil 4. Skulle du vere ein av dei som meiner det har blitt for mykje action i Resident Evil-serien i dei seinare år, bør du halde eit auge med nettopp The Evil Within, sidan det her er nifs uhygge som står i sentrum.

Tidlegare i år fortalde utgjevaren Zenimax at The Evil Within skulle runde av sommaren med slepp i august, men i ei fersk pressemelding får vi vite at dette ikkje lenger er planen. Tango Studios treng hakket meir tid får å gjere spelet akkurat passe uhyggjeleg, og spelet kjem difor i staden 24. oktober.

Mord på mentalsjukeheimen

Litt blod om dagen gjer godt i magen.

The Evil Within startar med at hovudpersonen Sebastian reiser til eit mentalsjukehus der det nett har skjedd eit over gjennomsnittet blodig massedrap. Herifrå tek det ikkje lang tid før Sebastian blir fanga i eit mareritt der det meste vil få han til å blø.

Vi tok i fjor ein kikk på The Evil Within, ei oppleving som sette ein god støkk:

«The Evil Within er tydeleg inspirert av dei eldre spela frå skrekksjangeren. Trekka frå Resident Evil er tydelege, med få ressursar å spore, eit ynskje om å unngå kampar, og vandring aleine i forlatne korridorar. Akkurat kva slags mysterie historia har å by på veit vi enda ikkje, og for å vere heilt ærleg vil eg ikkje vite det enda heller.»

Om du er på jakt etter meir skrekkeleg underhaldning bør du halde eit auge med Alien: Isolation, eller det norske grøssarspelet Among the Sleep som lanserast på Steam denne veka.

The Evil Within kjem i sal for PlayStation 4, PlayStation 3, Xbox One, Xbox 360 og Windows 24. oktober.

Siste fra forsiden