Skumle Darkwood nådde målet

I dette spelet må du kjempe hardt for å overleve.

Vi har sett ein bråte med spel som kastar deg ut i mørkret, eller alternativ kastar deg ut i eit hav av zombier, om ikkje begge deler. Desse to elementa er solide pilarar for utviklarar som vil lage skumle og nifse spel. Trioen i Acid Wizard Studio frå Poland vil derimot oppnå noko heilt anna.

Akkurat no har dei gåande ein IndieGoGo-kampanje for Darkwood. I dette spelet blir vil du finne fortapt deg i ei stor og mørk verd der farar lurer rundt alle hjørne. Det er mørkt, synsfeltet ditt er dårleg, og for å gjere dette enda tydlegare ser du alt rett ovanfrå. På kampanjesida deira kan vi lese at dei meiner spel no for tida er for lette, held deg i handa for mykje, og ikkje byr på solide utfordringar.

Darkwood ser ut til å bli den rake motsetning. Her må du tenkje og planleggje kvar einaste vesle detalj. Skumle monster luskar i mørkret, og om du ikkje er forsiktig kan du lett ende opp som eit lik. Sidan eit kvart dødsfall er permanent bør dette vere god nok grunn til å trå varsamt.

Det blir viktig å ha styring på ressursane dine.

Aleine i mørkret

I spelet styrer du ein person som har enda opp i ein mørk skog utan heilt å vite korleis du hamna der. Sterkt inspirerte av verka til David Lynch fortel dei at dei vil skape eit spel der fantasien din kan få leve fritt. Dei gjer med viten og vilje ting obskure og utydelige slik at du kan fylle ut detaljane sjølv.

Verda blir skapt prosedyrisk, og vil i følgje utviklarane alltid by på nye overraskingar. Ein stor del av spelet vil gå ut på å finne gjenstandar og utstyr du kan bruke til å enten barrikadere vindauga i hus, eller skape nytt utstyr og våpen. Eit døme på dette er korleis du med eit glas, nokre spikar og litt eksplosivar kan lage ei spikarbombe. Både roguelike- og rollespelelement får sentrale roller i spelet.

Det som kan sjå ut til å bli spelets aller sterkaste kort er likevel den intense stemninga du kan sjå solide døme på i videoane nedanfor. Det er mørkt og dystert, og det intense lydbiletet forsterkar kjensla av ubehag utviklarane vil du skal bade i.

Darkwood nådde nett målet sitt på 40 000 euro for å ferdigstille spelet. Skulle dei nå enda høgre summar på den veka som er igjen av kampanjen vil spelet få enda meir innhald, samt kanskje ein samarbeidsmodus.

Darkwood skal etter planen lanserast for Windows, Mac og Linux i midten av 2014.

Les også: Overlev i zombienes verden Les også: Anmeldelse: Slender: The Arrival

Siste fra forsiden