Skumle Slender: The Arrival kjem til konsoll

Snart kan du springe frå ekle Slenderman på Xbox 360 og PlayStation 3.

Om du er på jakt etter litt bitande uhygge før våren kastar sine fagre fargar over bakkar og berg, er Slender: The Arrival eit knakande godt alternativ. I dette skumle spelet skal du aller helst overleve medan du blir jakta av den uhyggjelege skapningen Slender Man, og det einaste du har til hjelp er beina dine og ei lommelykt.

Spelet blei lansert for Windows og Mac på vårparten i fjor, men no har utgjevarane Mignight City i ei pressemelding kunngjort at spelet får ein konsollversjon på Xbox 360 og PlayStation 3 i løpet av dei komande månadane.

Meir innhald

På tide å snu og ta beina fatt.

Den komande konsollversjonen av Slender: The Arrival blir utvida med to nye nivå. Desse vil bli tilgjengelege etter at du har runda den orginale kampanjen. Nivåa vil gi deg gleda over å få ta på deg rolla som enda fleire av offera til den langarma Slender Man. Om du allereie har Slender: The Arrival til Windows eller Mac vil du få desse nivåa som ei gratis oppdatering.

Vår mann Bjarte var godt nøgd med den tida han brukte på spelet, og meinte det var blant dei skumlaste spela han hadde spelt, trass i at det hadde sine feil og manglar:

«Det Slender: The Arrival lukkast ekstremt godt med, er å skape ei stemning som gjer at du heile tida føler at det lurer noko farleg rett rundt hjørnet, at eit eller anna kjem til å dukke opp kva tid som helst, og dette eit eller anna er definitivt ute etter å skade deg. Kjensla av at ein verken heilt torer å snu seg, eller å unnlate å snu seg, og at uansett kva ein gjer, så veit ein at ein tre meter høg mann utan ansikt og med tentaklar på ryggen står ein eller annan stad der ute og ventar på ein.»

Slender: The Arrival blir tilgjengeleg via nedlasting på Xbox 360 og PlayStation 3 i løpet av første kvartal. Om du er klar for meir uhygge kan du ta ein kikk på det nyleg kunngjorde Alien-spelet frå Total War-studioet The Creative Assembly.

Siste fra forsiden