Skyrim-utvidingane har fått PS3-dato

Det blir ein travel månad for Skyrim-fansen.

For eit par veker sidan blei det etter mykje om og men endeleg klart at The Elder Scrolls: Skyrim-utvidingane er på veg til PlayStation 3. Alt vi fekk var derimot ein beskjed om at alle dei tre utvidingane ville dukke opp i løpet av februar.

No er dei konkrete datoane på plass. Via VG247 får vi vite at Dragonborn dukkar opp 13. februar. Ei veke seinare kjem Hearthfire 20. februar, før det heile blir avslutta med Dawnguard 27. februar. Utvidingane kjem i omvendt rekkefølgje i forhold til korleis dei originalt blei lansert for Xbox 360 og PC.

Alle utvidingane byr på svært ulikt innhald. I Dawnguard møter du vampyrar og andre utyske som høyrer natta til. I Hearthfire får du byggje deg ein fager heim, medan Dragonborn let deg ri på dragar og møte ein annan dragefødd fyr som vil deg alt vondt.

Det har vore ei lang ventetid for PlayStation 3-publikumet. Dawnguard blei lansert for Xbox 360 i juni i fjor, og heilt sidan den tid har det vore svært lite informasjon rundt kva problemet eigentleg har vore. Ei anna utfordring med PlayStation 3-versjonen har vore trøbbel med lagringsfunksjonen. Etter kvart som fila blei større, gjekk lastinga tregare og tregare.

Når utvidingane no blir tilgjengelege kjem dei med eit avslag i pris på 50%. Vi får håpe dette er slutten på alt trøbbel for dei som har kjøpt The Elder Scrolls: Skyrim til PlayStation 3.

Les også: Bli med i betatesten av The Elder Scrolls Online Les også: – Historien i Onlinespillet nytes alene

Siste fra forsiden