Slakt orkar til hausten

Ringenes Herre-spelet Shadow of Mordor har fått dato.

Warner Bros.

Sidan vi er godt over halvvegs i Peter Jacksons trilogi basert på J.R.R. Tolkiens Hobbiten-bøker om Bilbo og dei 13 dvergekompisane hans, passar det svært godt med eit nytt spel i Tolkiens univers. Dette spelet er Middle-Earth: Shadow of Mordor, og satsar på å balansere heftig action, med sniking og utspekulert planleggjing.

I Shadow of Mordor møter vi Talion. Etter å ha mista familen sin – og livet sitt – blir han henta tilbake frå dei døde slik at han kan ta hemn over beista om gjorde han vondt.

I dag har Warner Bros. sendt ut ei pressemelding der dei fortel at spelet får lansering på PlayStation 3, PlayStation 4, Xbox 360, Xbox One og Windows 7. oktober.

Batman møter Assassin's Creed

Orkar klare for hoggestabben.

Ein viktig del av Shadow of Mordor blir korleis du systematisk skal rive frå kvarandre orkehierakria. Ved å true og drepe orkar som ligg lågt på rangstigen vil du få tilgong på informasjon som sender deg djupare inn i rekkjene, slik at du kan ta knekken på stadig tøffare orkar.

Spelet nyttar eit kampsystem som kan minne mykje om Rocksteadys Batman: Arkham-spel, medan vi i tillegg får sniking og klatring inspirert av Ubisofts Assassin's Creed-serie.

Vår mann Espen tok ein grundig kikk på spelet tidlegare i år, og meinte det heile lovar godt:

«Middle-earth: Shadow of Mordor har potensiale til å bli eit meget godt innslag i ei lang rekke med, nokre gode og ein del middelmåtige spel basert på J. R. R. Tolkiens univers. Spelet drar inspirasjon frå ei rekke andre titlar, der slåssinga minnar om Batman og snikinga vekkjer minner frå Assassin’s Creed-serien. Men det ser ut til å vere ei god blanding, med dynamiske kamper og potent sniking.»

Om du vil vite enda meir om Shadow of Mordor bør du ta ein kikk på vårt intervju med Mike De Plater frå utviklarstudioet Monolith Productions. Warner Bros. har lagt ut ein rykande fersk trailer frå spelet, som du kan sjå nedanfor.

Siste fra forsiden