Slåsselegender kjem til PC

Kjekkasane i Double Dragon er klare for gateslagsmål neste veke.

Om du var ung og opptatt av spel på seint 80-tal og tidleg 90-tal er sjansen stor for at du på eit eller anna tidspunkt hadde eit nært forhold til Double Dragon. I denne serien på tre slåssespel følgjer vi brørne Billy og Jimmy som vankar gatelangs og pryler opp kjeltringar og anna avskum.

Med alt frå slag og spark til oljefat og trekjeppar kunne du renske byen for kriminell aktivitet i dei sideskrollande actionspela.

Nylansering på PC

Skjermbilete frå mobilversjonen av Double Dragon Trilogy.
Skjermbilete frå mobilversjonen av Double Dragon Trilogy.

Double Dragon-spela har vore tilgjengelege på ei rekke plattformer opp gjennom åra, og i 2013 blei Double Dragon Trilogy lansert på iOS og Android. Denne oppussa versjonen av spela vil no ta turen til PC via Steam, GOG og Amazon 15. januar, får vi vite i ei fersk pressemelding.

Dei oppussa versjonane av spela vil la deg velje å spele originalversjonane slik dei var, eller du kan prøve deg med nye grafikkfilter og eit nytt lydspor. Du vil kunne prøve deg på ulike modusar og vanskegrader, i tillegg til å kunne spele saman med andre enten lokalt eller over nett.

Det er franske DotEmu som står bak Double Dragon Trilogy, og dei har ei rekke oppussingsprosjekt bak seg frå før. Tidlegare har dei pussa opp spel som The Last Express og Little Big Adventure. På tampen av 2014 blei det kjent at dei har tatt på seg arbeidet med å lage ei HD-utgåve av det klassiske strategispelet Heroes of Might & Magic III, som lanserast i slutten av januar.

Kommentarer (5)

Forsiden akkurat nå

Til toppen