(Bilde: Square Enix)

Sleeping Dogs-studioet er historie

United Front Games har brått stengt dørene.

United Front Games, studioet som gav oss det Hong Kong-baserte sandkassespelet Sleeping Dogs har stengt dørene. Det fortel Kotaku Australia i morgontimane tysdag. Det har i skrivande stund ikkje kome noko offesielle kunngjering frå United Front Games, men ei kjelde hos studioet har stadfesta hendinga for Kotaku Australia. Fleire andre har rapportert stengjinga, deriblant ein moderator på nettforumet NeoGaf, som har kjennskap til studioet.

Stengjinga kjem kort tid etter at United Front Games sitt ferskaste spel Smash+Grab gjekk ut i Early Access på Steam, rett etter at spelet hadde ei gratis spelehelg, og berre ein dag etter førre oppdatering frå utviklarane på Steam-forumet. Smash + Grab er ikkje lenger tilgjengeleg for nedlasting, sjølv om Steam-sida framleis er oppe.

Gjengkriminalitet i spelform

Smash+Grab fokuserte på gjengkriminalitet.
Smash+Grab fokuserte på gjengkriminalitet. Bilde: United Front Games

Smash+Grab skulle bli eit actionspel i tredjeperson der du blir del av ein kriminell gjeng. Saman gjaldt det å å både denge laus på andre gjengar, samt vandalisere nærområda. 

United Front Games er likevel best kjent for å stå bak det Square Enix-publiserte actionspelet Sleeping Dogs. I dette opa-verd-spelet reiste vi til Hong Kong, og fekk eit ganske unikt spel i sjangeren Grand Theft Auto III i si tid gjorde svært populær.

Etter Sleeping Dogs sette United Front Games i gong arbeidet med Triad Wars. Dette online-spelet var basert på same univers som Sleeping Dogs, men utviklinga blei stoppa etter at spelet hadde vore betatesta i nesten eit år.

Andre titlar United Front Games har jobba med inkluderer ModNation Racers, Disney Infinity 3.0 – Marvel Battlegrounds, Tomb Raider: Definitive Edition og Halo: The Master Chief Collection.

Kommentarer (4)

Forsiden akkurat nå

Til toppen