Smite Tactics tek populært MOBA i ny retning

Med samlekort og turbaserte kampar håpar utviklarane å nå eit nytt publikum.

Hi-Rex Studios har avslørt at dei vil utvide universet til sitt populære MOBA-spel Smite ved å ta det heile i ei heilt nyt retning. I staden for action i tredjeperson, går dei no for turbaserte kampar i det taktiske spelet Smite Tactics.

Her skal du velje ein gud og ei rekke krigarar for å gå til krig mot andre spelarar, eller den kunstige intelligensen. I spelet bestemmer du kven og kva som skal vere med i kampane ved å bruke kort. Kunsten å samle dei beste korta, og skru saman den beste stokken blir naturlegvis viktige element.

Snart klart for beta

Paladins har blitt ein stor suksess for Hi-Rez Studios.
Paladins har blitt ein stor suksess for Hi-Rez Studios. Bilde: Hi-Rez Studios

Du kan allereie no melde deg på betatesten som vil starte seinare i år ved å ta turen til Smite Tactics offisielle nettstad. Spelet skal vere skrudd saman for å kunne spelast med mus og tastatur, eller handkontroll om du heller skulle ynskje det.

Dette blir den andre lanseringa frå Hi-Rez Studios denne hausten. Førre månad lot dei spelarane prøve det nye skytespelet Paladins gjennom Steam Early Access. Det blei ein massiv suksess, og over ein million spelarar hadde lasta ned betaen i løpet av kort tid.

Sjølv om Paladins har fått svært god respons, har det samtidig møtt krass kritikk frå mange spelarar som meiner spelet er hakket for likt Blizzards store suksess Overwatch.

Kommentarer (1)

Forsiden akkurat nå

Til toppen