Snart alphatest for Final Fantasy XIV

Nylanseringa for katastrofespelet kjem nærare.

Det er ikkje mange som klarar å lage eit MMO som verkeleg oppnår den suksessen utviklarane håpar på. Berre sjå på Star Wars: The Old Republic frå BioWare, og The Secret World frå norske Funcom. Begge har fått solid mottaking, men ingen av dei har spelartala som skal til for å kunne kalle spelet ein stor suksess. The Old Republic har sett ein dramatisk nedgang i spelarar, og til slutt slutta grunnleggjarane i BioWare. Funcom har på si side sett seg nøydde til å seie opp ein haug med folk.

Dette er derimot berre barnemat i forhold til kva som skjedde då Square Enix lanserte Final Fantasy XIV for to år sidan. Den japanske utviklaren tok eit dramatisk mageplask og gav ut eit fullstendig uferdig spel som tidvis var boritmot umogleg å spele.

Magi og mystikk i velkjend Final Fantasy-stil.

Ikkje berre var dei grunnleggjande mekanikkane og systema av tvilsam og ubalansert karakter, men spelet var så nedtynga av feil at mange ikkje kunne spele det. Systemkrava var hårreisande, og sjølv dei med kraftige maskiner kunne knapt køyre spelet utan å støyte på utfordringar.

Etter nokre månader blei det kunngjort at det ville bli omrokkeringar i staben, og Naoki Yoshida ville ta over som sjef etter Final Fantasy-veteran Hiromichi Tanaka. Etter den tid har svært mykje skjedd. Utviklarstaben har dytta ut regelmessige oppdateringar, Yoshida har kommunisert kontinuerleg med spelarane om kva dei vil gjere, og når, og resultatet er at Square Enix er i ferd med å snu skuta.

Den aller største endringa som vil skje med Final Fantasy XIV er derimot snart over oss. Medan Square Enix har jobba med å fikse den noverande klienten, har dei samtidig jobba med ein heilt ny versjon av Final Fantasy XIV som har fått namnet A Realm Reborn. I eit grep liknande det Blizzard gjorde med World of Warcraft-ekspansjonen Cataclysm, vil dei endre heile verda. Alle område blir endra, grafikfmotoren blir ny og mykje meir skalerbar, og dei fleste system har fått seg solide endringar, eller er kasta ut og erstatta med nye.

I eitt av sine regelmessige brev til spelarane har Yoshida no avslørt at om alt går etter planen vil alphatesten for A Realm Reborn starte i slutten av månaden. Dette vil bli ein solid stress test, samtidig som dei vil teste rammeverka for dei nye systema teamet har inkludert i spelet.

I tillegg har det vore viktig å få det heile til å framstå som meir Final Fantasy. Det betyr at mange etablerte Final Fantasy-tradisjonar som chocobo-fuglar, moogles, krystallar og liknande vil få ei større rolle i spelet. No gjenstar det berre å sjå om alt arbeidet har ført til gode resultat.

Final Fantasy XIV: A Realm Reborn lanserast tidleg 2013.

Les også: – Dette er neste-generasjon Final Fantasy XI Les også: – Vi er veldig lei oss

Siste fra forsiden