Snart kan du bli bonde på PlayStation og Xbox

Farming Simulator 15 har fått lanseringsdato på konsoll.

Om du sit inne med ein brennande draum om å bli bonde, men verken har finansar eller erfaring nok til å setje i gong med så pass omfattande arbeid, kan godt mogleg Faring Simulator 15 vere noko for deg.

I dette spelet skal du som namnet seier ta på deg jobben med å byggje opp ein stor og flott gard, med alle utfordringane det skulle by på. Spelet blei lansert på PC i haust, og vil bli lansert på Xbox One, Xbox 360, PlayStation 4 og PlayStation 3 19. mai. Det får vi vite i ei fersk pressemelding frå utgjevaren Focus Home Interactive.

Konsollutgåvene vil by på ei rekke nye køyrety eksklusive for konsollutgåvene. Om du spelar på Xbox One eller PlayStation 4 vil du i tillegg kunne spele saman med vener over nettet.

Frå kornåker til skogdrift

Tømmerhogst er ein av mange ting du kan bryne deg på som bonde.
Tømmerhogst er ein av mange ting du kan bryne deg på som bonde.

Farming Simulator 15 let deg styre livet slik det passar deg. Du kan satse på ei karriære innan til dømes skogdrift, kornproduksjon eller dyrehald, medan du byggjer deg opp som bonde. Spelet er kanskje ikkje for alle, men Kristian meinte det var eit godt og underhaldande spel:

«Farming Simulator 15 er neppe for alle, men det treng heller ikkje vere så smalt som ein kanskje skulle tru. Under overflata finn ein eit velfungerande sandkassespel der du i ro og mak kan leike med drøssevis av store maskiner og byggje deg opp som storbonde. Det er tilfredsstillande å sjå garden vakse, investere i nye maskiner og å lære seg å bruke dei.»

Om du er glad i simulatorspel kan det vere ein god idé å ta ein kikk på Euro Truck Simulator 2 og Spintires òg.

Kommentarer (4)

Forsiden akkurat nå

Til toppen