Snart kan du dele Steam-spela dine

Valve har kunngjort Steam Family Sharing.

Det har brått blitt veldig mykje billegare å vere gamer. I kveld har Valve kunngjort Family Sharing for Windows, Linux og Mac. Denne funksjonen vil la deg gi andre full tilgang til spelbiblioteket ditt, samt få sine eigne prestasjonar når dei spelar.

Alt som må til er at du autoriserer ei maskin for å få tilgang på kontoen din. Det gjerast ved at ein ven sender deg ein førespurnad om autorisering, som du då kan godkjenne eller avvise. Så fort det er gjort vil brukarane på den maskina kunne installere alle spel du har kjøpt. Den einaste hindringa for full fridom er at to personar ikkje kan spele det same spelet samtidig.

Skulle to personar fyre opp same spel, vil den som låner spelet få beskjed få beskjed om at spelet vil bli avslutta om nokre minutt, med mindre han eller ho i staden vel å kjøpe spelet.

Anna Sweet frå Valve fortel i ei pressemelding følgjande om kvifor dei kjem med dette tilbodet:

«Kundane våre har uttrykt eit ynskje om å få dele dei digitale spela sine mellom vener og familie på same måte som med fysiske spel, bøker, DVDar og andre medium. Family Sharing blir skapt som ein direkte respons på desse ynskja.»

Steam Family Sharing vil bli tilgjengeleg i ein avgrensa betaversjon neste veke.

Les også: Greenlight åpner slusene Les også: Tegnefilmaktig eventyr fra Myst-veteraner

Siste fra forsiden