Snart kan du laste ned Nintendo-spel før lansering

Nintendo vil gjere det meir attraktivt for kundane å kjøpe digitalt.

Du har sikkert tenkt tanken. Spelet du har venta på i år og dag er nesten klart, og du sit med valet mellom å kjøpe ein fysisk kopi på lanseringsdagen, eller kjøpe det digitalt, og bruke store delar av lanseringsdagen på å laste ned moroa i staden for å spele. Kvart minutt tel i slike situasjonar, og freistinga kan bli stor for å gå for ein fysisk kopi sidan det å studere ein prosentmålar på skjermen er omlag like moro som å studere gras som gror.

Dei siste åra har det blitt vanlegare og vanlegare å la spelarane laste ned spela før lanseringsdagen, slik at ein slepp bruke tid på slikt når verdifulle timar speletid skal brukast.

Blir Super Smash Bros. blant årets beste spel?
Blir Super Smash Bros. blant årets beste spel?

Nintendo har så langt ikkje vore med i den klubben, men det blir det slutt på no. Eurogamer melder at Nintendo no vil la spelarar laste ned spel på førehand, og det første spelet ut er Super Smash Bros. for Wii U som er ute 5. desember.

På nyåret vil det òg bli mogleg for 3DS-brukarar å laste ned spel i god tid. Nintendo vil gjere det lettare for folk å kjøpe spela deira, dette er ein av metodane dei brukar for å få til akkurat det.

Nintendo-kavalkade

Å få folk til å kjøpe fleire spel er noko Nintendo treng sårt. Selskapet har slite i motvind dei siste åra. Dårleg sal av Wii U er hovudfaktoren her, og tidlegare i år var det så ille at Nintendo-sjefen kutta løna. Selskapet har likevel lansert ei rekke solide spel i år. Nyleg blei herlege Bayonetta 2 lansert, og tidlegare i haust kom Mario Kart 8.

I desember lanserast altså Super Smash Bros. for Wii U. Det er eit av dei mest etterlengta Nintendo-spela i nyare tid, og der kan opp til åtte spelarar sende ei rekke Nintendo-heltar til kamp mot kvarandre. I byrjinga av oktober blei 3DS-versjonen av spelet lansert. Det var eit solid spel, sjølv om det ikkje nådde heilt til topps.

 

 

Kommentarer (2)

Forsiden akkurat nå

Til toppen