Snart kan du prøve Just Cause 3 sin fleirspelarmodifikasjon

Sandkassegalskapen returnerer.

For nokre år sidan kom det ein fleirspelarmod til Just Cause 2, der ein kan ta del i sandkassegalskap utan like. Heile kartet i Just Cause 2 kan fyllast opp av tusen forskjellege spelarar, som skapar eit virvar av fly, bilar og – framfor alt – eksplosjonar.

Ei ny mod-gruppe har no kome med ein dato for den fyrste testen av ein fleirspelarmodifikasjon til oppfølgjarspelet Just Cause 3. Frå fredag 9. september får ein bryne seg på kaoset i Just Cause 3 Multiplayer Mod.

Den fyrste store stresstesten går over ei helg, men det er ikkje noko informasjon om når den endelege lanseringa kjem på plass. Allereie 26. august får journalistar og YouTube-skaparar bryne seg på spelet.

I fylgje utviklarane vil ein kunne tusle fritt rundt i spelverda og køyre bil. Det er førebels uklart om ein får prøve ut flyging. Eigne spelmodusar for «deathmatch» og racing vil òg vere tilgjengelege.

Ein kan fylgje utviklinga av modifikasjonen vidare på forumet til Nanos GbR.

God mottaking

Opptak frå den komande modifikasjonen.

Til tross for tekniske problem fekk Just Cause 3 gode kritikkar i fjor. Gamer.nos Jens Erik Vaaler kalla spelet eit «eksplosivt punktum for spelåret 2015».

– Just Cause 3 er kaos satt i heseblesande, eksplosivt system, der éin enkelt granat kan skape ein så stor dominoeffekt at ein heil militærbase rivast i fillebitar på få sekund. (…) Fridomen til å gjere det du vil, korleis du vil er enorm.

Spelet har så langt fått to offisielle utvidingar.

Les vår omtale av Just Cause 3 »
Modifikasjonsverktøy kan gi utviklarane lojale fans »

Siste fra forsiden