Snart kan du spele nye Carmageddon

Den politisk korrekte valdsfesten blir tilgjengeleg på Steam Early Access.

Om du var måteleg interessert i dataspel på 90-talet er sjansen stor for at du investerte usunne mengder tid i det valdelege bilspelet Carmageddon. Til tonane frå det industrielle metalbandet Fear Factory fekk spelarane køyre bilar med påmonterte plogar, piggar og knivblad.

Målet med spelet var strengt tatt ikkje å kome i mål først. I staden fekk du poeng for å øydeleggje mest mogleg. Det kunne vere ved å smadre konkurrerande bilar, køyre ned flest mogleg fotgjengarar, eller ved å skore jackpot i å meie ned ei gammal dame med rullator.

Folkefinansiert oppfølgjar

Carmageddon er snart tilbake.

For to år sidan lanserte Carmageddon-utviklarane hos Stainless Games ein Kickstarter-kampanje for å lage ei moderne utgåve av Carmageddon. Målet var å gjenskape bilspelet utan moralske kompass, men med tilgang på dagens fysikk, for å kunne skape enda meir øydeleggjing.

Den kampanjen var svært vellukka, og no er snart tida inne for å la spelarane prøve ut det nye spelet. Via Eurogamer får vi vite at Carmageddon: Reincarnation vil bil tilgjengeleg på Steam Early Access 27. mars.

Spelet er for tida i Pre-Alpha, og det vil såleis i likskap med mange andre Steam Early Access-spel vere ein ganske tidleg versjon av spelet vi får tilgang på. Nøyaktig kva spelet vil by på akkurat no går ikkje Stainless Games i detalj på, men dei har lagt ut ein fersk video på YouTube der vi får demonstrert korleis den nye fysikken fungerer. Den kan du sjå nedanfor.

Det er ikkje alle som er like positive til Steam Early Access. Vår eigen Jens Erik meiner til dømes at det er fleire ulemper enn fordelar med denne forretningsmodellen.

Siste fra forsiden