Ori and the Blind Forest: Definitive Edition får straks PC-lansering

Sleppdatoen for Steam og Windows Store er annonsert.

Den nye versjonen av Ori and the Blind Forest kjem ut 27. april på PC. Xbox One-versjonen kom ut i mars, men utviklaren ville bruke meir tid på å finpusse PC-versjonen.

Mykje nytt innhald

Ein talsmann for utviklaren Moon fortalde om den nye versjonen i eit intervju med Xbox Wire:

– Rett etter me slapp Ori and the Blind Forest, fekk me stor pågang frå fans om meir innhald. I staden for å «bare» kome med nedlastbart innhald, bestemte me oss for å skape eit heilt nytt tilbod. Dette inkluderer både nytt innhald og mekanikkar som spelarane har bedt oss legge til. Me brukte nesten eit heilt år på den nye utgjevinga (…).

Definitive Edition får nye områder.
Definitive Edition får nye områder. Bilde: Microsoft Game Studios

Definitive Edition kjem blant anna med nye områder, ny musikk, nokre nye ferdigheiter og nytt historieinnhald. Spelet vil og la deg teleportere mellom lagringspunkta, og det er lagt til ein ny vanskelegheitsgrad, «lett».  

PC-versjonen skal støtte oppløysingar over 1080p, samt bileteforhold på 21:9. Originalversjonen køyrde ikkje i fullskjermodus, så det var ikkje mogleg å oppskalere oppløysinga med NVIDIA sin «Dynamic Super Resolution»-teknologi. Ori and the Blind Forest: Definitive Edtion vil også ha moglegheita til å dele lagringsfil mellom Windows 10 og Xbox One.  

Spelet vil i fylgje PC Gamer koste det same som på Xbox One, rundt 160 kroner. Oppgradering for dei som har spelet frå før på Steam, vil koste rundt 40 norske kroner.

Blendande ytre og uhyre engasjerande mekanikkar

Øystein Furevik kom med mange gode ord om Ori and the Blind Forest i sin omtale i fjor

– Ori and the Blind Forest er ikkje problemfritt. Det har sine uflide kantar som lett kan by på gjentakande furstrasjonar. Det totale biletet er likevel det av eit ufatteleg vakkert spel som klarar å leve opp til sitt blendande ytre med gjennomførte og uhyre engasjerande mekanikkar, konkluderte han.

Kommentarer (10)

Forsiden akkurat nå

Til toppen