Snikdrap på den kinesiske mur

Kjøp Assassin's Creed-sesongpass og få eit ekstra spel på kjøpet.

I dei seinare år har det så og seie blitt sjølvsagt at store spel vil by på ekstrainnhald i tida etter lansering, samt eit sesongpass for å få tilgang på alt ekstrainnhald til ei litt billegare penge. Dette viser seg i dag å vere tilfelle for Assassin's Creed: Unity òg. I ei fersk pressemelding har Ubisoft fortalt kva årets Assassin's Creed-sesongpass vil by på.

Det kanskje mest spanande ekstrainnhaldet til Assassin's Creed: Unity er eit separat spel utvikla av britiske Climax. I staden for å ta opp tråden frå hovudspelet vil Assassin's Creed Chronicles: China som namnet tilseier ta oss med på tur til Kina. Der får vi ta på oss rolla som Shao Jun, ei spenstig dame trena opp av Ezio Auditore frå Assassin's Creed II.

Assassin's Creed Chonicles: China byr på ein noko uvant stil for serien.
Assassin's Creed Chonicles: China byr på ein noko uvant stil for serien.

I staden for den typiske tredjepersonvinkelen, vil Assassin's Creed Chronicles: China bli eit sideskrollande actionspel der du får leike deg med parkour på Den kinesiske mur, samt drepe frå skuggane i ei verd inspirert av tradisjonelle kinesiske måleri.

Nye eventyr for Arno

Naturlegvis har ikkje Ubisoft gløymt Assassin's Creed: Unity-helten Arno. I tida etter lansering vil spelarar få sjansen til å reise til Saint-Denis der vi får utforske dei djupe avgrunnane til Basilicaen.

I tillegg vil årets sesongpass by på ei rekke nye våpen, samt fleire oppdrag Arno kan bryne seg på i løpet av spelet. Sjølv om Ubisoft ikkje eksplisitt seier noko om det, kan vi nok rekne med at alt dette ekstrainnhaldet vil bli tilgjengeleg separat for dei som ikkje er interesserte i å punge ut for eit heilt sesongpass.

Alt ekstrainnhaldet skal vere brukarane i hende tidleg neste år.

Assassin's Creed: Unity er ikkje det einaste store Assassin's Creed-spelet på veg i år. Der Unity kjem utelukkande til PC, PlayStation 4 og Xbox One, vil PlayStation 3- og Xbox 360-publikummet får prøve seg på Assassin's Creed: Rogue.

Kommentarer (5)

Forsiden akkurat nå

Til toppen