Sniktitt

Bayonetta 2

Den langbeina femme fatale er tilbake i storform.

LOS ANGELES (Gamer.no): Det store spørsmålet før ein går i gong med nokre dyrebare minutt med Bayonetta 2 er ganske enkelt: Kva skal vi forvente? Kva skal vi eigentleg forvente frå oppfølgjaren til eitt av dei mest minnerike actionspela dei siste åra? Eit spel som gjorde ting på sin eigen måte og hadde ei så fandenivaldsk haldning at ein berre måtte la seg begeistre.

Skal vi då håpe på meir av det same med innstillinga at dette i seg sjølv er meir enn nok, eller skal vi håpe på enda meir? Etter omlag 30 intense minutt ser Bayonetta 2 ut til å bli litt av begge deler, sjølv om grunnane til dette sikkert vil overraske dei fleste.

Bayonetta er klar, er du?
Bayonetta er klar, er du?

Elskverdig valdsorgie

Med unntak av ein ny hipp og kul hårklipp er Bayonetta stort sett den same. Ho spradar rundt på sine stylter av nokre bein, vaggar med hoftene som er større ein dekka på ein lastebil, medan det vesle hovudet nesten forsvinn i det påfølgjande kaoset.

Sjølv om vi no spelar på Wii U er det heile instinktivt gjenkjenneleg. Det er ingenting nytt å spore her, men det gjer strengt tatt ingenting. Det første Bayonetta-spelet var så polert og velgjort at ein knapt kan håpe på så alt for mykje meir i oppfølgjaren. Platinum Games vel difor å kaste oss rett ut i det. Her er det glinsande englar med gullrustning som gjeld, og den eine er sjølvsagt større enn den andre.

Kampsystemet er tilbake i full mundur, og fokuset på å danse unna angrep for å gå inn i «Witch Time» – noko som får tida til å gå sakte i nokre sekund – er framleis på plass. Bayonetta dansar over skjermen, virvlar med beina medan ho tek ein valdeleg salto, og siktar seg inn på fiendane med millimeterpresisjon. Som før møter vi fiendar i grupper på omlag fire eller fem om gangen, og dei er alle svært ivrige etter å få inn eit slag. Fokus på ein og ein fiende er difor fåfengt, og spelet krev at du konsentrerer deg fullt ut om alt som skjer på skjermen.

Nøyaktig berekning av hopp som sender deg inn i «Witch Time» blir heilt essensielt, og så lenge du gjer ein god jobb vil utbytet bli deretter. Bayonetta sleng fiendane inn i torturkammer der du hamrar på knappar for å gjere mest mogleg skade, i tillegg til å bruke sitt magiske hår for å mane fram massive knyttnevar, stiletthælane få helvete, samt eit massivt hårbeist eller to.

Intensiteten veks i takt med at du plukkar ned fiendane, og i løpet av speletida fekk eg ikkje berre bryne meg på skinande kentaurar, men fekk og elegant delt eit jagarfly i to før demoen blei avslutta med introduksjonen av eit enormt beist på storleik med ein blåkval. Alt er ved det same gamle i Bayonettaland med andre ord.

Om det er spetakkel du vil ha, skal du få i pose og sekk.
Om det er spetakkel du vil ha, skal du få i pose og sekk.

Trykk meg til himmelen

Det mest finurlege med Bayonetta 2-demoen var valet eg fekk ved start. Der kunne eg velje mellom å spele på normalt vis i den vanskegrada som passa meg, eller velje å styre spelet ved hjelp av trykkskjermen på Wii U-kontrollaren.

Eit actionspel som Bayonetta 2 høyrest kanskje ikkje ut som den aller beste kandidaten til trykkontroll, men Platinum Games har løyst dette på glimrande vis. Det er ikkje eit kontrollsystem eg vil anbefale til erfarne actionspelentusiastar, men om du alltid har slite med å få til slike spel kan dette vere ein ypparleg inngangsportal.

I korte trekk brukar du Wii U-pennen og styrer Bayonetta ved å trykkje på skjermen. Ved å dra pennen fram og tilbake over skjermflata vil Bayonetta springe rundt på skjermen, og alt du treng gjere for å angripe fiendar er å trykkje på dei. Dette får den langbeinte heltinna til å angripe av seg sjølv, men du kan alltids trykkje inn angrep sjølv om du helst vil det.

Din aller viktigaste jobb blir eigentleg å sveipe over skjermen for å gå inn i «Witch Time» når dette passar seg, samt hamre laus når Bayonetta manar fram eit torturkammer. Det er ein heilt absurd måte å spele eit slikt spel på, men det fungerer overraskande bra, og bør gjere Bayonetta 2 tilgjengeleg for alle som vil, heilt uavhengig av tidlegare kompetanse innan sjangeren.

Ingenting å seie på skalaen.
Ingenting å seie på skalaen.

Konklusjon

Eg har gode nyhende til alle Bayonetta-fans: Dette ser ut til å bli akkurat den oppfølgjaren du har venta på. Vi får fleire av dei same kampscenario der Bayonetta sparkar frå seg slik berre ho kan. Kampsystemet sit som støypt, og spelets overveldande visuelle presentasjon sørgjer for at Bayonetta 2 – lik sin forgjengar – blir noko for seg sjølv.

Platinum Games har ikkje gjort store endringar sidan sist, men det er heller ikkje nødvendig. Vi ser i aller høgste grad ut til å gå fleire fengslande utfordringar i møte, og om demoen er nokon indikasjon blir desse kampane av nøyaktig like høg kvalitet som i det første spelet.

Den mest spesielle nyvinninga kjem gjennom det alternative kontrollsystemet der du kan bruke trykkskjermen for å styre Bayonetta. Det fungerer overraskande godt, og bør sørgje for at til og med den mest inkompetente spelar vil kunne delta i moroa.

Les også: De største overraskelsene på E3 2013
Les også: PlatinumGames satser på Wii U

Se trailer for Bayonetta 2.

Kommentarer (0)

Forsiden akkurat nå

Til toppen