Sniktitt

Below

Liten og aleine i ei stor og farleg verd

Sword & Sworcery-studioets komande spel fengslar deg umiddelbart.

LOS ANGELES (Gamer.no): Med Sword & Sworcery tok Capybara store delar av verda med storm. Den herlege musikken, saman med særeigen grafikk og svært solid gameplay sjarmerte folk i stor nok grad til å raskt gjere spelet til ein kultklassikar.

Kultklassikarar er godt nytt for alle konsollmakarar. Dei skapar godvilje i den harde spelarkjerna, og det var ikkje rart at det blei sett på som eit lite kupp då Microsoft kunngjorde Capybaras nye spel Below under E3-messa i fjor.

Eit år er gått, og midt i alt stresset messegolvet på E3-messa bringer med seg, tok vi oss tid til å finne roa med Capybaras stemningsfulle spel.

Det vakre mørke

Det heile startar med at du dreg båten i land på ei ukjend øy.

Før du møter ein einaste fiende, ei utfordring, eller tvilen over om du skal gå til høgre eller venstre i neste kryss, er det noko heilt anna som slår deg: Below er vakkert. Ikkje berre slik auga ser det, men det er vakkert. Det er vakkert på den måten ein person du er glad i er vakker. Du ser forbi det ytre, det er noko meir der. Noko du ikkje nødvendigvis er i stand til å setje ord på, men du veit det er der.

Inntrykka Below skapar er ikkje fullt så diffuse. Grunnen til at spelet er vakkert er hovudsakleg gjennom den unike grafikken som verkeleg gjer det tydeleg at du er veldig liten i ei verd full av høge fjellsider og djupe avgrunnar. Musikken frå Jim Guthrie gjer ikkje noko stort nummer av seg, men byggjer vidare på kjenslene den visuelle presentasjonen skapar. Du er aleine her. Det er ikkje triveleg. Du er aleine, men du klarar ikkje heilt å gå likevel.

Samspelet mellom lyd og bilete er harmonisk på ein måte vi ser berre no og då målbevisste utviklarar. Den totale presentasjonen i Below er noko langt viktigare enn nøyaktig kor mange bilete ein kan dytte ut i sekundet, kor mange polygonar ein får plass til, og kor mange dyre effekter spelet har gitt plass til.

Below legg meir vekt på å illustrere kor liten du er, og kor faretrugande verda rundt deg er. Du vandrar sakte, ser lite, og veit veldig godt at det heile snart kan vere over.

Aleine og sårbar

Isolasjon er eit ord som slår meg når eg skal prøve å skildre Below. Du er isolert og aleine i ei trugande verd som ikkje viser nåde. Dette er ikkje Dark Souls. Verda er ikkje ute etter å ta deg ved kvart hjørne, men den hjelper deg ikkje heller. Den stiller seg flagrande likegyldig til korleis det går med deg. Den bryr seg ikkje, og den ser deg heller døy sakte enn å løfte ein finger for å hjelpe deg.

Dei einaste som bryr seg om ditt nærvær er dei mørke fiendane som dukkar opp med rimeleg jamne mellomrom. Dei svarte skuggane lyser raudt når du kjem nær, og sig sakte mot deg før dei angrip. Ein omvendt reaksjon får du få små kryp som spreiar seg lik rotter når du kjem for nær.

Som for å forsterke kor aleine du er gir ikkje spelet deg noko hjelp for å finne vegen fram. Det fortel deg ingenting. Alt du får vite er at du brukar ei stikke til å styre den vesle figuren din, ei stikke for å bestemme kvar han vender seg, og kvar du må trykke for å bruke skjold og våpen. Resten er ei opa gåte du må finne ut av medan du spelar.

Om du finn noko på bakken vil du aldri vite kvar det er før du brukar det. Nokre ting, som eit kjøtstykke og nokre planter gir frå utsjånaden sin ein peikepinn på kva dei er gode for, men andre gjenstandar, som til dømes etterlevingar frå andre skapningar, kan vere vanskelegare å tolke. Det som såg ut som skalet til ei skjelpadde viste seg å kunne gi meg ein betre rustning, noko som kom godt med sidan ei blodig skade er det siste du vil pådra deg i dette spelet.

Les også
Subnautica: Below Zero er ute i Early Access
Below viser alle teikn til å bli eit svært stemningsfullt spel.

Nådelaust endelikt

Døyr du i Below er den figuren død for alltid. I staden for å halde fram etter førre sjekkpunkt vil du bli sendt heilt tilbake til start i rolla som ein ny figur. For å få tilbake tinga dine må du finne liket til individet du nett presterte å sende i døden. Dette er ein etablert grunnregel i mange rougelike-spel, men Below ser ut til å gjere sitt for å gjere seg sjølv unikt.

Mest påfallande er korleis du som regel endar opp med å døy. Ingen av fiendane eg møtte bydde på ei nemneverdig stor utfordring. Eit slag eller to, og dei var stort sett døde. Ved å løfte fram skjoldet sørga eg for at eg stort sett var trygg, men fiendane er av og til for utspekulerte til at dette fungerer heilt som planlagt. Slår du til dømes før du er nær nok til å treffe vil fiendane hoppe bakover, og kanskje gli til sida før dei sender eit slag mot kroppen din før du rekk snu skjoldet i riktig retning.

Sjølv om det var ein liten og etter forholda ufarleg fiende som slo deg til blods, kan det vere nettopp han som sender deg i grava. Blir du først skada byrjar du å blø, og du vil blø ut raskare om du er hardt skada enn om du er lettare skada, noko som blir illustrert gjennom at du enten etterlet deg raude fotspor der du går, eller ein stri straum av blod.

Den einaste vegen ut av ei slik knipe er å finne ein gjenstand som gjev deg helse tilbake, eller å finne eit bål du kan setje fyr på. Har du eit bål kan du hete opp våpenet ditt nok til å brenne igjen såret, slik at du kan halde fram. Denne prosessen vil tette såret, men ikkje fylle opp helsa di. Rekk du ikkje fram til eit bål tidsnok vil du sige om, og starte om igjen frå byrjinga. Det kan vere kjipt å oppleve dette, men det set opplevinga i eit interessant perspektiv. Kjensla du får av å stå der med blod fossande ut av sida, utan å kunne sjå ein einaste bålplass i nærleiken er sterk. Du veit det er over, og sjølv om det ikkje vil ta lange tida å kome tilbake dit du var, kjennest det framleis vemodig.

Konklusjon

Du er ein liten knott i ei stor og skummel verd.

Below ser ut til å kunne bli enda ein innertiar for Capybara Games. Det er eit spel som sjølv etter berre 15-20 minutt byr på ei stor oppleving. Den trykkande stemninga fengslar deg umiddelbart, og for meg var det fysisk vanskeleg å sleppe kontrollaren då det omsider var tid for å gå. Below er eit spel som fangar kjensla av å vere aleine i ei valdsam og ukjend verd. Spelet fortel deg nesten ingenting, og du blir nøydd til å prøve og feile for å finne ut kva dei forskjellige gjenstandane verda byr på er gode for. Det er, for å seie det enkelt, som å leggje ut på tur i ei verd der du ikkje kjenner noko. Kvart steg kan by på noko nytt, og i mi stund så gjorde dei nettopp det.

Om Below vil vere i stand til å ivareta den same herlege stemninga etter kvart som timane dreg ut gjenstår å sjå, men dei første inntrykka har vore suverene. Det gjer kanskje ikkje veldig mykje nytt, men det vi får er eit gjennomtenkt og forførande samspel mellom gameplay, visuelle inntrykk og eit dystert lydbilete

Siste fra forsiden