Sniktitt Dragon Ball Z: Battle of Z

Massive basketak for opptil åtte spelarar

Dragon Ball-serien slår ned sine eigne veggar.

STOCKHOLM (Gamer.no): Om du har kosa deg med dei ulike Dragon Ball Z-spela Namco Bandai har produsert opp gjennom åra, står du no framfor eit stort hopp. Dragon Ball Z: Battle of Z vil spytte nytt liv inn i ein serie med overdådige slåssespel som strengt tatt går langt utover grense til kva som definerer eit slåssespel.

Son Goku og kompani er klare for nye basketak.
Son Goku og kompani er klare for nye basketak.

I Dragon Ball Z held det ikkje med ein trong arena der to typar bankar vetet ut av kvarandre. Det blir for enkelt og for smått. I staden har serien gjort seg kjend for store område, øydeleggbare område, moglegheita for kjempe både på bakken og i lufta, samt bruken av spinnville angrep henta rett ut av mangaen spela er basert på.

Problemet er berre at akkurat dette har Namco Bandai gjort svært mange gongar no, og for det blotte auge kan det vere litt vanskeleg å sjå kva eit nytt spel på. Det blir det slutt på no.

Paradigmeskifte

Du kan ta det heilt med ro. Har du spelt Dragon Ball Z før vil du kjenne deg igjen. Kampsystemet er svært likt det vi kjenner frå før. Her møter vi dundrande angrep i eit høgt tempo som byggjer seg opp til å bli ekstravagante eksplosjonar som kan få fjell til å kollapse. Det store nye denne gongen er at du er langt frå aleine. I staden for å kjempe einsam og aleine mot tilfeldige sinnataggar over nettet, kan du no rotte deg saman med tre vener for å kjempe deg gjennom ein historiemodus, eller stå mannsterke mot store grupper tilfeldige sinnataggar over nettet.

I Dragon Ball Z: Battle of Z er hovedattraksjonen massive kampar der åtte spelarar møtest til basketak. Slikt blir det bråk av.

– Vi var nøydde til å gjere noko nytt, elles ville spelarane tru vi laga det same spelet som før, forklarar produsent Kunio Hashimoto når eg spør kvar ideen til desse fleirspelarkampane kom frå.

Han held fram:

– For å finne ut kva vi kunne gjere nytt sette vi oss ned og funderte på kva som eigentleg er populært akkurat no. Om du ser på trendane, og då spesielt i Japan, er samarbeidsmodusar veldig populære. Vi blei nysgjerrige på korleis eit Dragon Ball-spel kunne bli om vi bygde inn ein slik modus.

Godt arbeid gir deg kort du kan byggje opp karakterane dine med.
Godt arbeid gir deg kort du kan byggje opp karakterane dine med.

Ein merkeleg kombinasjon

Diverre fekk eg ikkje sjansen til å spelet verken mot eller saman med andre spelarar, men eg fekk prøvd meg på historiemodusen. Det umiddelbare inntrykket er at Dragon Ball Z: Battle of Z framstår som det sære avkommet til Street Fighter og Monster Hunter. Eg har strengt tatt aldri spelt noko slikt før, men det er umiddelbart gjenkjenneleg likevel.

For å tenkje deg korleis Battle of Z fungerer i praksis er det greiast å sjå føre seg eit vilkårleg tidlegare Dragon Ball Z-spel. Om du tek dette, utvidar storleiken på kamparenaene drastisk, og spyttar inn fleire spelarar, er du i mål.

Som slåssespel fungerer Battle of Z slik du er vand med at eit Dragon Ball-spel skal fungere. Det er ikkje eit spel der det er naudsynt med dei mest hårfine reaksjonane. Det handlar meir om action, og at det heile skal vere stort. Og stort blir det. Då eg i eit av historieoppdraga flaug gjennom lufta med tre datastyrte kompisar på veg fekk eg ei merkbar kjensle av makt.

Battle of Z er ikkje eit spel der det er naudsynt med dei mest hårfine reaksjonane. Det handlar meir om action, og at det heile skal vere stort. Og stort blir det.

Når det først brakar laus kan det gå i alle retningar samtidig. krigarane i gruppa di kan angripe kvar sin fiende, eller dei kan rotte seg saman. Dei gjer stort sett som dei vil, men du kan gi dei enkle ordre for å sørgje for at dei spelar på lag med deg.

Dette strategiske elementet vil bli overført til fleirspelarmodusen, forklarar Hashimoto:

– Vi har eit meldingssystem som let deg sende enkle meldingar til laget ditt. Du kan til dømes be dei angripe ein fiende, og dei vil få beskjed på skjermen sin om det. Sjølvsagt kan du snakke direkte med laget ditt gjennom chat, men på denne måten kan du vise laget ditt kvar du vil ha dei.

Tilfeldige utfall

Eit viktig element i Battle of Z er kor uforutsigbare kampane kan vere. I historiemodusen kan slaga utvikle seg i mange ulike retningar avhengig av kva du gjer. Du går gjerne inn i ein kamp med eitt eller fleire gitte mål basert på historia i mangaen, men etter kvart som du spelar kan desse endre seg. Kva fiende du tek ned først er eit døme på ting som kan endre scenarioet drastisk.

Dette fekk eg erfare då min siger over ein bastard på fiendens lag brått fekk ein av lagkameratane hans til å gå frå skaftet av raseri. Der eg i det eine sekundet trudde eg berre hadde tre omlag jamsterke fiendar igjen å kjempe mot, stod eg no opp med to meir eller mindre ordinære fiendar og ein gorilla som får King Kong til å sjå ut som eit foster. Gjer du ein god jobb vil du få løn, fortel Hashimoto:

Det blir eit solid lysshow i Battle of Z.
Det blir eit solid lysshow i Battle of Z.

– Oppdraga kan spelast aleine, eller saman med andre. Etter kvart som du utfører oppdrag får du diverse kort i premie. Desse har ulike eigenskapar du kan bruke for å skru saman karakteren din.

Kvar karakter har seks parameter som helse, styrke og fart. Om du plasserer eit kort på eit av dei parametra vil du kunne gjere dei sterkare. Dei forskjellige karakterane vil ha plass til ulike mengder kort for kvart parameter. Sterke karakterar som Goku vil ha plass til mange kort på styrke, medan ikkje fullt så sterke karakterer som Yamcha vil ha langt færre plassar der.

Interessant nok kan du ta med deg dei same karakterane i kampar der du spelar mot andre lag. Potensialet for sterkt ubalanserte kampar er absolutt til stade, men Hashimoto er ikkje uroa over dette:

– I ein kamp der to spelarar spelar mot kvarandre kan det by på problem, men i store kampar med åtte spelarar kan du slå sterkare karakterar ved å bruke smarte og gode lagstrategiar. Det er ikkje alltid den rå styrka er det viktigaste.

Konklusjon

Vi skal ikkje sjå bort frå at Namco Bandai er inne på noko med Dragon Ball Z: Battle of Z. Det framstår som ei svært naturleg utvikling for serien som har sett ei mengd med spel opp gjennom åra. Kampsystemet i Dragon Ball Z-spela til Namco Bandai er opne og actionfokuserte nok til at dei lett kan dyttast inn i eit spel for fleire spelarar. Det tidvis kaotiske resultatet er både engasjerande og utfordrande.

Spelet slit derimot litt med tidvis dårleg kameravinkling. Spesielt blei dette eit problem i kamp mot massive fiendar, men mot mindre fiendar var det sjeldan eit problem. Alt i alt ser Dragon Ball Z: Battle of Z ut til å kunne bli eit svært solid actionspel. At folk kan få spele saman og mot kvarandre er eit veldig smart trekk som kan opne opp denne serien for eit nytt publikum.

Dragon Ball Z: Battle of Z kjem i sal i løpet av første kvartal 2014. Vi testet spelet og intervjuet Hashimoto på eit pressearrangement i Stockholm. Turen dit ble betalt av Namco Bandai.

Dragon Ball Z: Battle of Z PS3

Dragon Ball Z: Battle of Z Vita

Dragon Ball Z: Battle of Z X360

Dragon Ball Z: Battle of Z PS3 PS3 Vita X360

Spilldetaljer

  • Lanseringsdato: 24. januar 2014
  • Plattform: PlayStation 3
  • Utgiver: Namco Bandai
  • Utvikler: Artdink

Beste priser

Ikke på lager 199,- Til butikk

Dragon Ball Z: Battle of Z Vita Vita PS3 X360

Spilldetaljer

  • Lanseringsdato: 24. januar 2014
  • Plattform: PlayStation Vita
  • Utgiver: Namco Bandai
  • Utvikler: Artdink

Dragon Ball Z: Battle of Z X360 X360 PS3 Vita

Spilldetaljer

  • Lanseringsdato: 24. januar 2014
  • Plattform: Xbox 360
  • Utgiver: Namco Bandai
  • Utvikler: Artdink

Kommentarer (1)

Forsiden akkurat nå

Til toppen