Sniktitt

Fable Legends

Splitta fleirspelarmoro

Det neste Fable-spelet ser ikkje heilt ut til å vite kva det vil vere.

Microsoft Studios

LOS ANGELES (Gamer.no): Eg hadde det grådig moro, det må seiast. Å ta på seg rolla som ein skurk, og sende goblinar, bogeskytarar og eksplosivar mot eit firkløver av heltar var utan å overdrive høgdepunktet på heile E3-messa. Om du nokon gong har hatt lyst til å vere vond, er sjansen din her. I Fable Legends snur Lionhead opp ned på kva eit påkosta konsollspel i Fable-serien skal by på. Javisst har vi fått enkelte krumspring allereie, noko Fable Heroes og Fable: The Journey er døme på, men desse spela var heilt tydeleg eit par sidesprang som ikkje på noko tidspunkt gav inntrykk av at dei ville vere framtida til serien.

Med Fable Legends er det hakket vanskelegare å vere sikker. Lionhead har vore svært vage på spørsmål om kva som skjer med Fable 4, og nokre gongar har dei rett ut sagt at Fable Legends er framtida til serien. Om så er tilfelle må du vere førebudd på at Fable slik du kjenner og elskar det, eller hatar det, no godt mogleg er historie.

Fire heltar og ein råtass

Ekte heltar har finstasen på. (Bilde: Microsoft Studios)

Som nemnt hadde eg det heilt strålande då eg tok på meg rolla det vonde geniet bak utfordringane til dei fire heltane. Eg har ein mistanke om at dette er fordi eg rett og slett passar veldig godt inn i rolla som ein manisk despot.

Utgangspunktet er såre enkelt. Du har fire heltar som skal legge ut på tokt. I motsetning til tidlegare Fable-eventyr får du ikkje byggje opp helten slik du sjølv vil over tid. I staden vel du ei rolle. Du kan vere ei elegant fektemaskin, ei barsk dame med stort og tungt våpen, eller du kan ty til ulike former for magi. Som du skjønar fell du inn i ei bestemt rolle i Fable Legends, i staden for vere ein helt med kompetanse på alt . Du vil likevel få byggje opp karakteren din gjennom eit system eg blei fortalt vil minne meir om det vi fann i det første Fable-spelet, enn i dei nyare spela.

I tillegg til desse fire heltane kjem altså ein slem råtass. Der dei fire heltane skal krige seg veg gjennom diverse pakk, er det slemmingen som sørgjer for kvar pakket dukkar opp. Dette gjer han på fleire ulike måtar. Den første og viktigaste er å plassere ut krigarar før heltane legg ut på tokt. Denne prosessen er ganske enkel. Ei rekke punkt på kartet fortel deg at du kan plassere krigarar der, og du vil kunne setje ut fire ulike typar om gongen, sjølv om spelet byr på langt fleire.

Om eg har uro over dette systemet er det at det skal bli hakket for opplagt kva krigarar som høyrer heime kvar. Bogeskytarar har sin naturlege plass, det same gjeld kanonar, og om du skal sende ut ein bøling med sverd fell det naturleg at desse bør opphalde heltane så lenge som mogleg slik at du får in ein del piler. For kartet E3-demoen blei spelt på fungerte det derimot godt, i alle fall for meg. Eg ser derimot føre meg at ein etter å ha spelt gjennom desse karta nokre gongar vil kjenne dei så godt at ein veit nøyaktig kvar fiendande vil dukke opp, det einaste ein ikkje vil ha oversikt over er kva fiende som vil dukke opp kvar.

Moroa kjem gjennom å herse med dei andre spelarane. Som den utspekulerte sjefen for spelet blei rolla mi mest som ein regissør. Eg kan sende grupper av krigarar i ei retning, eller velje om nokon skal skjule seg i skuggane og fyre av kanonane når det passar seg. I tillegg har eg full kontroll over feller i områda, og spesielt ein trevegg bydde på stor moro der eg sette opp veggar for å separere heltane slike at det blei lettare for meg å få has på dei.

Om du vil sende store beist som denne karen på heltane, må du ofre dei små. (Bilde: Microsoft Studios)

Nedanom og heim?

Å spele som ein helt er eg redd ikkje var fullt så spanande. I staden for å få kjensla av å spele ein meister i mitt felt, var det å ta på seg rolla som ei isdronning mest som å vere ein ordinær Fable-helt som berre fekk lov til å gjere ein av mange ting. Hovudoppgåva mi blei å sende ein kald vind mot fiendane slik at dei fraus til is slik at dei andre heltane kunne knuse dei. Eg hadde andre eigenskapar òg, men ingen av dei var så effektive at dei utkonkurrerte isfrysen, i tillegg var nedkjølingstida på enkelte av dei så lang at eg opp til fleire gongar stod utan andre våpen enn nokre kjølige gufs. Eg enda difor opp med å gjere stort sett berre ein ting heile tida.

Som du sikkert skjønar var ikkje dette særleg inspirerande, men eit merkbart engasjement klarte likevel å byggje seg opp. Dette kom av samarbaidet som i Fable Legends raskt viser seg å vere heilt essensielt. Som nemnt tidlegare kan den slemme spelaren separere heltane, og det er difor svært viktig at ein samarbeider tett, og brukar sine ulike eigenskapar klokt for å raskast mogleg kome seg gjennom den noko usympatiske hinderløypa som ligg framfor heltane.

Fable Legends vil ikkje by på eit Fable-eventyr slik vi er vande med. Ei historie vil vere på plass, men utviklarane forklarte det slik at du vil ha ein by som utgongspunkt. Derifrå vil du velje kvar du skal gå, og du vil ikkje lenger kunne springe rundt i fri mark som du sjølv vil. Dette er ei ganske dramatisk vending for serien, og det gjenstår å sjå korleis publikum tek i mot den.

Konklusjon

Ein fager by i kjend Fable-stil fungerer som base for eventyra dine. (Bilde: Microsoft Studios)

Fable Legends har Fable-stemninga intakt, men utover det er det veldig lite her som minnar om serien Peter Molyneux starta på den første Xbox-konsollen. Kamp har alltid vore ein viktig del av spela, men det har aldri vore kampane i seg sjølve som definerte dei. Fable har frå starten handla om ei fargerik verd full av eventyr og valfridom. Problemet til Fable Legends akkurat no er at sjølv om utviklarane påstår vi vil finne eventyr i spelet, har vi ikkje sett snurten av desse elementa. Alt Lionhead har fokusert på sidan kunngjering i fjor er samarbeidet mellom fire spelarar, i kampen mot ein mannevond regissør.

Dette samarbeidet har til gode å overbevise om at Fable Legends er riktig vending for serien. Å springe rundt saman med fire andre var ikkje nok til å overbevise meg, og var ikkje stort meir enn heilt grei underhaldning. Kronjuvelen til Fable Legends er når du tek på deg rolla som den slemme regissøren. Å kunne sende av garde krigarar mot heltane er ustyrteleg moro, og eg hadde ikkje hatt noko problem med å skvise maur på denne måten heile dagen lang.

Kvaliteten på spelet du møter frå denne rolla skapar ei svært stor utfordring for Lionhead. Skal Fable Legends bli ein juvel, må det vere like moro å spele som helt, som det er å spele som skurk. Det er det ikkje akkurat no.

Siste fra forsiden