Sniktitt

Halo: The Master Chief Collection

Som ein draum for Halo-fans

Denne digre Halo-samlingen gir deg heile Master Chief-historia på ein stad.

Sidan starten i 2001 er det spesielt ein ting som har gjort Halo til eit fenomen; fleirspelarmodusen. Sjølv om Xbox Live ikkje var lansert då Halo tok verda med storm, var det inga hindring for lange kveldar med intens konkurrering der folk drog med seg TV-skjerm og Xbox for å ha Halo-LAN. For nokre år sidan dukka Halo: Combat Evolved opp i ny og penare innpakning, men det var likevel ikkje heilt som originalen. Fleirspelarmodusen bydde kanskje på nokre av karta frå originalen, men det heile var basert på Halo: Reach-fleirspelaren, og difor eit godt stykke frå den opplevinga vi hugsar.

Slikt er det slutt på no. Med Halo: The Master Chief Collection har 343 Industries samla Halo, Halo 2, Halo 3 og Halo 4 på ein disk, og vi får servert kvart spel slik det opprinneleg fungerte. Det vil seie at du no kan spele Halo: Combat Evolved nøyaktig slik du hugsar det. Spelet byr på totalt fem fleirspelarmotorar, ein for kvart spel, og ein ekstra vi kjem inn på litt seinare.

Trailer fra E3 2014.

Alt på ein stad

Når du loggar deg på for å spele ein kamp kan du søke på diverse kriterie slik vi er kjende med, men forslaga du får opp kan vere frå alle dei ulike spela i samlinga, og om eit alternativ til dømes er Team Slayer på Lockout, vil du då kunne fyre opp den kjende Halo 2-fleirspelaren. Derelict frå Halo: Combat Evolved vil på si side starte opp den originale Halo-fleirspelaren.

Kvart einaste kart som er gitt ut til serien, om det så er på ein Xbox-konsoll eller på PC, er inkludert i pakka. Totalt byr spelet på over 100 ulike kart. Samstundes har 343 henta inn den opprinnelege sjefen for kartdesign på Halo 2. Dei spurte han om det var noko dei ikkje fekk til eller kunne gjere grunna tekniske grenser, og har enda opp med å lage seks nye variantar av kart frå Halo 2. Dette blir den femte fleirspelarmotoren spelet byr på.

Fleirspelarkomponenten i Halo: The Master Chief Collection byr på mykje innhald, men det beste ser ut til å vere kor saumlaust det heile er. Du har ein meny som dekker alt, og du må ikkje gå inn i eit av dei fire spela for å velje kva du skal gjere, alt er samla på ein stad, og å kome seg inn i ein kamp frå to ulike Halo-spel, er her like lettvindt som om du skulle ta to kampar frå berre eit spel.

Dette gjeld kampanjemodusane òg. Alle nivåa frå dei fire Halo-spela er låst opp frå starten av, og du må ikkje spele gjennom dei for å kunne gå dit du vil. Om alt du vil er å spele Truth and Reconciliation frå Halo: Combat Evolved, kan du gjere nettopp det umiddelbart etter å ha starta opp spelet første gong.

Naturlegvis kan du velje å spele gjennom dei fire kampanjane i tur og orden, men du har mange alternativ til dette. Om du vil spele ein spesiell type kart står du fri til å gjere nettopp det. Ein kavalkade av Warthog-nivå står klare om det skulle vere ditt ynskje for kvelden.

(Skjermbilde: Microsoft).

Finstasen på for Halo 2

Til hausten er det ti år sidan Halo 2 blei lansert, og i samband med det har Halo 2 fått seg ein ekstra finpuss. Eg fekk ikkje sjå mykje av oppgraderingane, men det eg har fått sjå vitnar om ei like omfattande oppgradering som den vi fekk i Halo: Combat Evolved Anniversary. Som før kan du skifte mellom ny og gammal grafikk på eit blunk, men dette skiftet går mykje raskare enn i Halo Anniversary. Grafikken ser ikkje ut til å vere heilt på nivå med Halo 4, men solide lyseffekter løftar det heile eit solid hakk over Halo Anniversary.

Lyden har òg fått seg ein oppsving. Som i Halo Anniversary har lydeffekter og musikk blitt miksa og spelt inn på ny for å skape eit meir moderne lydbiletet. Den alle største endringa kjem derimot i form av dei 60 minutta med filmsekvensar Halo 2 bydde på. Dei har no blitt brakt til live av den dyktige gjengen hos Blur Studios, og det ser strengt tatt vanvittig bra ut. Å sjå kjende figurar som Sersjant Johnson nesten i levande live set det heile i eit nytt perspektiv. I tillegg til nye versjonar av gamle filmsekvensar har Blur Studios skrudd saman ein prolog og ein epilog som vil fylle ut historia i enda større grad.

(Skjermbilde: Microsoft).
Microsoft Game Studios
Les også
Anmeldelse: Halo: The Master Chief Collection
(Skjermbilde: Microsoft).
Microsoft

Enda meir innhald kjem i form av terminalar som har blitt putta inn i spelet. Som i Halo Anniversary vil desse gi meir bakgrunnsinformasjon om verda og skapingane i den. I tillegg dei by på hint om kva som vil skje i Halo 5.

Filmprosjekt frå Ridley Scott

343 Industries og Microsoft har store ambisjonar for Halo-universet og vil det skal omfatte langt meir enn berre spel. Dette har vi sett fleire døme på gjennom teikneseriar, bøker og den episodiske nettserien Forward Unto Dawn. Når Halo: The Master Chief Collection kjem i sal vil vi få enda eit multimediaprodukt. Ridley Scott og hans Scott Free-selskap er for tida i full sving med å lage den digitale Halo-serien Nightfall som vil omhandle den nye karakter Agent Locke. Dette er personen som visast på Halo 5: Guardians-omslaget, og vil bli ein viktig karakter i det komande spelet.

Meir enn dette veit vi ikkje om prosjektet til Ridley Scott, men han er i følgje representantar frå 343 Industries direkte involvert i prosjektet, sjølv om hovudansvaret ligg hos produksjonsselskapet hans.

Den aller siste brikka i Halo: The Master Chief Collection er betatilgang til Halo 5. Den vil gå føre seg i tre veker, og startar i midten av desember. Meir informasjon om denne vil kome til hausten.

Konklusjon

Vi veit spela i Halo: The Master Chief Collection er av svært høg kvalitet, og det er all grunn for Halo-fans til å glede seg til november. Her får vi fire Halo-spel i ei pakke, og moglegheita til å spele kart og nivå frå kvart og eitt i akkurat den rekkefølgja du sjølv vil. Det er latterleg mykje innhald her. Med over 100 kart å velje mellom skal det godt gjerast å unngå usunt lange kveldar for alle dei som har sakna å spele dei gamle Halo-spela før nyare spel vridde på formelen og dytta inn nye element.

Oppussinga av Halo 2 ser samtidig ut til å bli vel verdt eit syn. Med nye filmsekvensar, terminalar og betre grafikk er dette ein god sjanse til å få med seg historia på ny. Det er klart at mange har alle desse spela frå før, men denne pakka samlar alle spela på ein lettvindt stad. Å endeleg få spele Halo: Combat Evolved over Xbox Live i si originale form er naturlegvis eit svært etterlengta pluss.

Vi oppsummerer Microsofts pressekonferanse på E3: Her er alle Xbox-avsløringene »

Siste fra forsiden