Sniktitt Mordheim: City of the Damned

(Bilde: Focus Home Interactive)

Klar for litt ubarmhjertig taktikk?

Warhammer-universet ser mot sine røter i dette taktiske rollespelet.

LOS ANGELES (Gamer.no): Warhammer-universet er ikkje akkurat ny kost i spelverda, men i nyare tid har ikkje spela vi har fått servert hatt så veldig mykje med sitt opphav å gjere. Sjølvsagt har vi møtt figurar og skapningar erfarne miniatyrmålarar vi kjenne igjen, men spela dei har dukka opp i har som regel teke seg solid fridom frå det turbaserte strategispelet det heile har sitt opphav frå.

Med Mordheim: City of the Damned vil Focus Interactive og utviklarane hos Rogue Factor gjere noko med akkurat dette. Dette blir eit spel utviklarane lovar skal bli for den harde kjerna av Warhammer-entusiastar, og det er lett å tru på dei der dei oppfører seg nesten litt som overenergiske born medan ein kamp mellom dei to representantane frå utviklarteamet går sin gong på skjermane framfor meg.

Tru mot sitt opphav

Mordheim er basert på Mordheim-utvidinga til Warhammer-brettspelet og følgjer regelsettet for det meste ganske slavisk. Enkelte område har dei derimot justert på for å gjere dette til eit solid PC-spel. I all hovudsak gjeld dette korleis du flyttar figurane dine på dei intrikate karta i spelet. I staden for at den eine spelaren flyttar alle sine figurar, før den andre spelaren gjer det same, vil kvar spelar i Mordheim flytte ein figur om gongen basert på kor høgt initiativ dei har. I tillegg vil kvar figur ha flyttepoeng litt i same gate som dei gamle Fallout-spela. Måten desse poenga fungerer på er derimot ganske unik, og ikkje minst smart.

Soldatar klare til kamp.
Soldatar klare til kamp. (Bilde: Focus Home Interactive)

Du kan ha med deg ti krigarar i kamp. Når du skal flytte ein plasserer kameraet seg bak han, og du får springe rundt som i eit ganske typisk tredjepersonspel. Frå startpunktet ditt vil ringar spre seg ut i ein gitt radius, og kor mange ringar du har kjem an på kor mange flyttepoeng du har. Etter kvart som du spring vil du etter kvart sjå ei blå line framfor deg, og ved å krysse denne vil du miste eit poeng. På denne måten sørgjer spelet for at du får flytte deg ganske fritt, men ikkje utan grenser. Som i brettspelet må du i tillegg utføre ein suksesssjekk kvar gong du skal gjere ting som å klatre opp ein vegg, eller hoppe ned frå ein kant.

Om behovet for å flytte på seg ikkje skulle vere til stade kan du alternativt velje å ofre flyttepoenga til fordel for poeng som brukast på angrep og andre handlingar.

Ei handling ser ut til å kunne vere så mangt. Som regel vil du nok bruke turen din på å angripe, men du kan i staden velje å setje opp eit frekt bakhaldsangrep. Plasser ein krigar bak eit hjørne, vel bakhaldsangrep, og den krigaren vil automatisk gå til angrep om motstandaren skulle finne på å gå forbi.

Som i miniatyrspelet må ein kontrollsjekk til for det meste. Når du skal angripe trillast det terningar i bakgrunnen, og ein massiv krigar kan i verste fall bomme stygt, og miste overtaket. På tampen av kvar runde må det òg ein sjekk til, for eksempel for å sjå om gifta du fekk på deg gjev stort eller lite utslag. Liknande kontrollsjekkar må utførast i situasjonar der du er aleine, eller kjenner frykta spreie seg grunna låg moral.

Denne moralen er enda eit viktig element. Kvar gong du gjer skade på ein fiende vil den angripande krigarens moral gå opp, medan fiendens moral vil gå ned. Blir moralen dårleg nok kan individet finne på å stikke av.

Det er leik og moro heilt til nokon mistar foten.
Det er leik og moro heilt til nokon mistar foten. (Bilde: Focus Home Interactive)

Ei farefull verd

I Mordheim kan du byggje dine eigne heltar. Dette er kanskje ikkje noko nytt, men utviklarane lovar svært stor valfridom i denne prosessen. Meir interessant er korleis soldatane dine kan utvikle seg i løpet av spelet. Nye eigenskapar og våpen, samt dyre leigesoldatar kan etter kvart kjøpast inn. I utgangspunktet får vi fire fraksjonar å velje mellom, som alle har sine eigne kampanjar, og i løpet av desse vil du får erfare at livet i Warhammer-universet er rimeleg brutalt. Først og fremst fordi spelet byr på permadød.

Om nokon fell i kamp er dei borte for alltid, og det einaste du kan gjere er å felle bitre tårer. Som om dette ikkje var nok byr spelet på permanent skade. Har den barske krigaren din mista eit bein i løpet av kampen? Synd. Beinet er borte, og krigaren vil vere sengeliggjande i fleire dagar, før han omsider vil kome tilbake med eit trebein.

Spørsmålet er då kvifor du skal bry deg med å bruke ein krigar med trebein, eller kanskje berre ein arm. Målet til utviklarane er å byggje opp eit spel der du verkeleg bryr deg om krigarane dine. Du har brukt tid på dei, bygd dei opp, og dei er kanskje så sterke at den skada dei har fått i kamp ikkje er prekær nok til at du er villig til å gi opp krigaren. Dette fekk eg demonstrert gjennom ei barsk dame frå Sisters of Sigma. Ho hadde mista eit auge i ein tidlegare kamp, og hadde naturleg nok nedsett koordinasjon. Ho var derimot så kraftig at ho likevel fekk vere med på laget.

Blir neppe eit spel som treffer «casual»-publikumet.

I tillegg til kampanjen kan du dra med deg krigarane dine på nett i møte med lag frå dei ulike fraksjonane i spelet. I første omgang vil spelet by på leigesoldatar, Cult of the Possessed, Skaven, samt Sisters of Sigmar. Målet er å utvide med fleire fraksjonar i tida etter lanseringa. I første omgang vil spelet la to spelarar gå til kamp mot kvarandre, men håpet er å kunne lage større kampar, med til dømes fire spelarar som alle spelar mot kvarandre, eller på lag. Ein spenstig vri her er at om ein fiende slår deg i bakken, vil dei kunne ransake liket og stikke av med eigedelane dine.

Konklusjon

Alt tyder på at Mordheim blir eit spel som gjer alt det kan for å få «casual»-publikumet til å springe med halen mellom beina. Det ser ut til å bli eit uhyre detaljstyrt spel fylt til randen med utfordringar. Om spelet blir bra er alt for tidleg å seie, men det vesle eg fekk sjå frå ein kamp mellom to spelarar var nok til å setje det på lista over svært spanande spel. At krigarane tek permanent skade og kan bli sett ute av spel i fleire dagar er som ei sagtakka pil frå Amor gjennom hjarte mitt, og dei mange elementa som kan vere med på å avgjere ein kamp vitnar om eit engasjerande og utfordrande spel.

Mordheim er på veg til PC mot slutten av året. Det vil først bli lansert på Steam Early Access, noko utviklarane fortel er for å kunne få luka ut alle potensielle problem før endeleg lanseringa. Dei har i tillegg eit lite håp om å lage ein versjon for PlayStation 4, men dette er ikkje noko dei vil binde seg til.

Mordheim: City Of The Damned Windows Windows

Spilldetaljer

  • Lanseringsdato: 19. november 2015
  • Plattform: Windows
  • Utgiver: Focus Home Interactive
  • Utvikler: Rogue Factor

Beste priser

Ikke på lager 289,- Til butikk
Ikke på lager 289,- Til butikk
Nedlasting 350,- Til butikk
Nedlasting 359,- Til butikk

Kommentarer (7)

Forsiden akkurat nå

Til toppen