Sniktitt

Alien Rage

Dette spelet handlar om skyting. Forstår du? Skyting!

LOS ANGELES (Gamer.no): Skytespel har blitt for kompliserte! Sei kva du vil om den påstanden, men det er i alle fall svært mykje som tyder på at dette er livsmottoet til nokon bak dørene hos Alien Rage-utgjevaren City Interactive. Alien Rage er eit spel som vil tilbake til røtene, og det vil tilbake dit no. Her er alle monologar korte, konsise og så hårreisande banale at ein nesten vrir seg i smerte. Heltane er store, muskuløse og hårlause, og alt er gjort nesten som for å få deg til å forstå at du skal ignorere alt så lenge det ikkje kan øydeleggjast med ei kule.

Som du kanskje har forstått på dette tidspunkt er Alien Rage ein arkadeskyter av gamlesorten. Det hentar inspirasjon frå spel som Quake i staden for Gears of War og Halo. Her skal det skytast, det skal skytast fort, og du kan berre gløyme å bruke tida på å liggje bak eit metallboks medan du metodisk fyrer laus strategiske kuler mot offera dine.

Ei kule kan raskt vere nok.
Ei kule kan raskt vere nok.

Pang, pang, poof

Det byrjar enkelt. Du plukkar opp eit våpen, ser ein fiende, og fyrer av. Det er ingen sterk magi over dette spelet, det berre fungerer veldig godt. Alt skjer i eit solid tempo som sørgjer for at sjølv om du skulle døy, vil du likevel raskt vere tilbake der det skjer. Du får poeng for kvart drap, og naturlegvis får du meir poeng for å skyte eit romvesen i hovudet enn ved å skyte det i magen. Fiendane fell samtidig så fort, at det blir veldig lett å byggje opp ein rytme som står som ein solid kontrast til mange andre skytespel på marknaden akkurat no.

Du spring frå det eine møtet med fiendar til det andre. Du fyrer laus kuler til du går tom og må plukke opp eit nytt våpen. Rytmen du må skifte våpen i er så pass god at du konstant blir tvinga til å prøve ut alt nivået har å by på. Dette er ein god ting, for dei ulike våpna har mykje moro å by på. Du finn ditt ordinære arsenal beståande av alt frå pumpehagler til rifler og rakettkastarar, men av spesiell interesse er at alle våpen har to ulike måtar å skyte på.

Dette gjer deg veldig effektiv. Du kan springe mot fiendar og imponere deg sjølv over kor kjapt du blåste hovudet av nokre sinte romvesen på øvre rad, før du fyrer av ein rakett i ein bøling med beist som kjem springande mot deg frå venstre flanke. Fiendar kan vere både langt borte og veldig nære, men uavhengig av avstand får ein heile tida inntrykket av at dei er rett i fleisen på deg heile tida. Du blir med andre ord tvinga til å konstant vere på tå hev.

Fiendane i seg sjølve kjem i fleire variantar. Nokre spring rundt med enkle automatrifler du naturlegvis kan plukke opp, medan andre har tyngre skyts. Dei kjem gjerne i grupper, og midt inne i ei slik gruppe kan du finne eit par usynlege bastardar som drep deg og tvingar til å prøve på ny med akkurat dette i tankane. Å døy er likevel ikkje noko pes. Som sagt er du snart tilbake i kampen igjen, og eit par dødsfall kan i visse situasjonar vere det som skal til for å finne beste veg ut av ein konfrontasjon.

Desse beista er glade i nærkontakt.
Desse beista er glade i nærkontakt.

Eksplosivar på rekke og rad

Noko som slo meg medan eg spelte Alien Rage var at eg er veldig glad i eksplosive tønner. Det er veldig få av dei i mange skytespel no til dags, men i Alien Rage er dei overalt. Dei kan liggje på lur bak nokre fiendar medan dei berre ventar på ei velplassert kule. Alternativt kan du finne dei på strategiske punkt rundt omkring på dei ulike nivåa. Til dømes kan du finne ei tønne på ei bru full av fiendar, og du kan vel sikkert tenkje deg fram til kva som skjer om ein detonerer denne.

Eksplosive tønner kan bli viktig for meir enn å berre ta mange fiendar på eit blunk. Her og der måtte eg sprenge tønner for å opne opp nye vegar, noko som først gjekk opp for meg etter at eg nesten blei irritert over å ikkje finne vegen vidare.

Dette er eit lite døme på at nivådesignet ikkje alltid er av det heilt tydelege slaget, og nokre gongar blir det heilt litt uoversiktleg, mykje grunna ein fargepalett som her og der kan få ting til å gli litt saman.

Eit veldig viktig verkemiddel utviklarane har brukt for å pumpe deg opp medan du spelar er det som tyder på å bli eit veldig solid lydspor. Musikken var tøff og utan å vere direkte rocka, var den både stemningsfull og aggressiv. Det er den type musikk som gjennom gode val av instrument og effektar verkeleg gjev deg kjensla av å vere ein banalt hard soldat som er fullt klar over det, og no er klar for å slakte romkryp.

Som sagt, nærkontakt.
Som sagt, nærkontakt.

Konklusjon

Om du har sakna arkadeskytarar av gamlesorten kan Alien Rage bli akkurat det du har venta på. Spelet ser ut til å bli eit artig skytespel som utan å by på det heilt store kan gi deg solide doser underhaldning i nokre timar. Det er på ingen måte oppfinnsamt eller nytenkjande, men så er det heller ingenting som tyder på at det er poenget heller.

Alien Rage vil berre at du skal skyte veldig mange kuler på ein konstant straum med fiendar. Du sankar poeng, finn nye våpen og kjem deg framover i eit fornøyeleg tempo. Nokon kandidat for årets beste spel er dette neppe, men litt solid kveldskos for skytefansen skal du ikkje sjå bort frå at det blir.

Alien Rage kjem i sal digitalt for Xbox 360, PlayStation 3 og Windows til hausten.

Kommentarer (1)

Forsiden akkurat nå

Til toppen