Sniktitt

Band Fuse

Kan dette gitarspelet knuse Rocksmith på heimebane?

LOS ANGELES (Gamer.no): Fjorårets Rocksmith var eit stort og viktig steg i riktig retning for musikkspela. Der vi tidlegare stort sett berre har fått spel som har hatt som mål å la deg ha det moro med musikk, ville Rocksmith hjelpe deg med å lære å spele gitar. Det lukkast det rimeleg godt med, sjølv om spelet hadde noko skavankar. Spelet blei likevel ein suksess, og under E3-messa i juni kunngjorde Ubisoft at dei held på med ein lovande oppfølgjar som vil bli lansert seinare i år.

Rocksmith 2014 Edition er derimot ikkje det einaste gitarspelet som kjem i år. Ubisoft vil få beinhard konkurranse frå nykomaren Band Fuse. Dette spelet prøvar seg ikkje på å la deg improvisere med kunstige musikarar, men med eit solid fokus på rock, vil dei gå enda nærare i detalj på korleis du skal bli ein kløppar på gitar. At dei har gitarheltar som Slash og Zakk Wylde med på laget skadar ikkje akkurat.

Du kan ta opp spelinga di, og høyre på resultatet.

Stjernelag

Det aller viktigaste som kan seiast om Band Fuse er responstida. Utviklarane hevdar spelet har ein latency på rundt 15 millisekund, noko som på godt norsk betyr at det tek 15 millisekund frå du slår på strengen til du høyrer lyden. I praksis betyr dette at lyden kjem når den skal. Du vil altså ikkje måtte slite med etterslepet som kunne vere eit problem i Rocksmith.

Presisjonen du kan oppnå i Band Fuse basert på denne responstida er eit dramatisk hopp i forhold til Rocksmith. Det let deg spele utan utanforståande frustrasjonar, noko som gjer det mykje lettare å spele med på dei mange ulike låtane spelet byr på.

Som med Rocksmith satsar utviklarane av Band Fuse på å lage eit spel som vil lære deg å spele gitar. Det spelar inga rolle kva nivå du ligg på, Band Fuse skal vere laga for alle. Som eit ledd i akkurat dette har utviklarane hyra inn fleire kjende gitaristar som Nancy Wilson, Slash og Zakk Wylde, for å nemne nokre. Desse musikarane vil ha sine eigne instruksjonsvideoar der dei viser og fortel korleis dei spelar ulike låter, samt går i detalj på ulike teknikkar.

Dette er noko som kan gi deg ei ekstra hjelp vi aldri verkeleg fekk i Rocksmith. Vi hadde videoinstruksjonar der òg, men dei var korte og gjekk ikkje i stor detalj på korleis du skulle gå fram, noko som er eit must om du entrar gitarverda heilt grøn, og utan forståing for korleis strengane kan manipulerast.

Bryt lova med Judas Priest.

Stødig tempo

Ved første augekast er menysystemet i Band Fuse stilreint og effektivt. I staden for å gå for eit visuelt tøft, men kanskje ikkje fullt så funksjonelt system, er det tydeleg at det alle viktigaste i Band Fuse er at du til ei kvar tid skal vite kvar du er, og korleis du skal kome dit du vil.

Frå menyane kan du velje å ta del i ei karriere som vil la deg spele konsertar som i alle andre musikkspel, men du kan òg øve på dei mange ulike rockelåtene spelet byr på, samt øve på ulike parti eller teknikkar.

Skulle du sitje fast i ei låt kan du gå inn i detalj på individuelle parti for å terpe på dei til dei sit som støypt. På skjermen ser du eit klassisk og svært oversiktleg gitartabulatur, og det herskar aldri nokon tvil om kvar du skal halde fingrane dine. Medan du spelar har du full kontroll over kva tempo du vil spele i, og kan såleis skru ned farten om ting går litt for fort i byrjinga.

Best av alt er eigentleg at Band Fuse i motsetning til ein del andre musikkspel byr på originalmiksen av alle songane sine. Dette betyr ikkje berre at det du høyrer i bakgrunnen er autentisk, men òg at når du plukkar opp gitaren for å spele I'm Broken av Pantera, vil gitaren til Dimebag bli byta ut med din eigen. Du spelar ikkje berre over eit lydspor, men blir ein aktiv del av musikken.

Les også
La-Mulana får oppfølger

Effekten av dette er enorm. Sidan du ikkje har eit bakgrunnsspor for gitaren din finnest det ingen element i bakgrunnen som kan lure deg til å tru at du spelar betre enn du gjer. Kanskje vil dette i første omgang vere eit kjipt møte med den verkelege verda for nokon, men om du skal bli betre er det essensielt å vite nøyaktig kor hardt du stinkar. Dette gjev deg eit solid utgangspunkt for å stadig bli betre, før du til slutt verkeleg meistrar alle låtene du har øvd på.

På toppen av dette kjem full støtte for fleire instrument, samt vokal, noko som kan gjere Band Fuse til eit solid festspel.

Enkle tabulatur og demonstrasjonar gjer læring til ein leik.

Konklusjon

Det er vanskeleg å finne noko å pirke på etter ein halvtime med Band Fuse. Utviklarane var blant dei få på messa som ikkje på noko punkt hadde restriksjonar for kva dei ville vise meg. Eg fekk prøve dei låtene eg ville, dei modusane eg ville, og dei svara på alle spøsmål lyraskt, noko som vier solid tillit til sitt eige produkt.

Tillit ser det ut til at dei har god grunn til å ha, for Band Fuse framstår som eit uhyre robust produkt som treff alle dei viktige punkta. Det er lett å kome i gong med, det byr på solide og gjennomtenkte instruksjonar, det har informasjon om alt du treng vite, samt ei solid låtliste full av klassisk rock.

Her finn vi alt frå Pantera og Pearl Jam til Five Finger Death Punch og The Strokes. Spelet vil kome med godt over 40 låter, og meir vil bli gjort tilgjengeleg etter lansering. Kampen om gitaren kan bli hard i haust, men om det du aller helst vil er å lære, kan Band Fuse raskt bli eit essensielt kjøp.

Siste fra forsiden