Sniktitt

Beyond: Two Souls

Vi har tatt ein nærare kikk på Quantic Dreams nye storsatsing.

LOS ANGELES (Gamer.no): Heavy Rain møtte ei rimeleg blanda mottaking då det prøvde å imponere PlayStation 3-publikumet med stor valfridom og eit kompromisslaust fokus på kontekstsensitive kontrollar. Å måtte gjere tre eller fire grep berre for å plassere ein gjenstand blir slitsamt ganske raskt. Nokre elska det, andre hata det, og mange syntest det fungerte godt sjølv om det kanskje blei litt i meste laget til tider.

Quantic Dream med David Cage i spissen ser ut til å berre delvis ha høyrt på kritikken dei møtte. Kontekstsensitive rørsler er framleis sjefen, men du får samtidig mykje meir direkte kontroll denne gong. Dette fekk eg eit nærare innblikk i då den nye heltinna Jody Holmes blei jaga av store styrker spesialtrente soldatar gjennom skogen.

I Beyond: Two Souls møter vi Ellen Page som Jody Holmes.
I Beyond: Two Souls møter vi Ellen Page som Jody Holmes.

Heksejakt

Nøyaktig kvifor spesialstyrkane er ute etter Jody veit vi ikkje enno, men ta ho, det vil dei. I ei regntung natt sprang Jody for harde livet gjennom skogen medan lyset frå fleire lykter, og lyden av eit helikopter gjor det veldig tydeleg at ho ikkje hadde tid til å stogge opp får å ta inn utsikta.

I motsetning til Heavy Rain, der du berre heldt inne ein knapp for å få personen til å gå, har du no full kontroll med analogstikka. Dette blir kombinert med kontekstsensitive handlingar til stor effekt. Medan Jody sprang dukka det no og då opp små ikon på skjermen som informerte deg om at no måtte du dytte den andre stikka i ein viss retning. Gjer du alt riktig vil Jody skli under ein stokk, dukke til sida, og hoppe over steinar som kjem i vegen. Feilar du kan ho miste dyrebar tid.

Eit godt eksempel på feiling og suksess kom då Jody brått blei omringa av fleire politihundar. Om reaksjonsevna di er god kan Jody kome seg unna dei utan dei aller største problema, men om du feilar å trykke inn dei riktige knappane bit dei tak i ho og gjer livet temmeleg surt, og ikkje minst blodig.

Klappjakta gjennom skogen heldt fram ei stund heilt til Jody nådde ein veg der nokre politfolk hadde stilt seg opp. Her fekk eg demonstrert korleis Jody kan bruke sin spøkjelsesven Aiden til å manipulere både folk og gjenstandar. Når du skiftar til å spele som Aiden styrer du i praksis berre eit lys som viser kvar du er. Samtidig får du sjå ting du kan manipulere, og om ein person er trøytt og slapp nok kan du ta kontroll over han. I dette høvet tok Aiden kontroll over ein politimann som byrja å skyte villt rundt seg slik at dei andre politifolka blei distraherte nok til at Jody kunne stele ein motorsykkel og kome seg unna.

Om du jaktar på unge jenter, gjer du det på eige ansvar.
Om du jaktar på unge jenter, gjer du det på eige ansvar.

Eksplosiv action

Aiden byr på eit heilt nytt og svært viktig element til spelestilen Quantic Dream introduserte med Heavy Rain. Du kan manipulere det aller meste så lenge du er nær nok, og dette gjev deg enorme moglegheiter til korleis du skal kome deg ut av situasjonar. Sidan spesialstyrkane driv ei intensiv jakt på jenta vil dette føre til nokre heilt vanvittige episodar, i det minste om ein skal tru det eg var vitne til.

Gøymt bak ein bil, og omringa av soldatar som hadde eit hendig helikopter på slep såg det meste rimeleg mørkt ut for Jody. Her blei eg derimot vist korleis Aiden kan herse med menneske på mange forskjellige måtar. Når du kan gjere noko med ein person får han eller ho ein farga silhuett. Er den gul kan du få personen til å utføre ei handling, er den raud kan du ta livet av han.

Etter å ha tatt knekken på ein slapp soldat tok Aiden kontroll over forskjellige soldatar som i tur og orden skaut kvarandre og skapte kaos. Ein snikskyttar plukka ned sine kameratar i ein etter ein, før Aiden fekk bilar til å sprenge og helikopteret til å deise mot bakken. Det var intenst og eksplosivt, men det var ein ting som mangla for å gjere det heil overbevisande: Ingen av soldatane såg ut til å reagere etter kvart som dei blei skvisa som fluger. Dette kombinert med at du ikkje ser ut til å ha stort med val for nøyaktig kva du kan gjere når Aiden tek over ein person, gjev meg inntrykket av at valfridomen først og fremst gjeld kva rekkjefølgje du vil gjere ting i.

Utviklarane lovar likevel at spelet vil ha minst like mykje valfridom som Heavy Rain. Spelet vil ha ein start og ein slutt, men innanfor desse rammene kan alt skje. Det einaste som ser ut til å vere konkret er at du ikkje vil sjå nokon «Game Over»-skjerm. Blir Jody teken av dei som jaktar ho vil dette berre sende historia ein annan retning, vegen vidare vil endre seg.

Dette ser ut til å bli ein imponerande grafisk prestasjon.
Dette ser ut til å bli ein imponerande grafisk prestasjon.

Imponerande skodespel

Heavy Rain var imponerande på mange måtar. Spesielt gjeld dette korleis dei forskjellige personane blei brakt til live. Gjennom skodespelarar som på slåande vis fekk likskapen gjenskapt i digital form, er Heavy Rain framleis milevis framfor det meste mediet har å by på. Det var likevel tidvis litt stivt, og det var farleg nær Uncanney Valley fleire gongar.

Mykje tyder på at Quantic Dream no har ordna opp i desse barnesjukdomane. Jody, som blir spelt av Ellen Page, er uhyre overbevisande. Berre i små klipp kan ein sjå fleire nyansar i auget hennar enn i heile andlete på personar i andre spel. Det er så forseggjort at Jody endar opp med å seie svært mykje utan å ytre eit einaste ord. Korleis skodespelet totalt sett endar opp med å bli har eg ikkje fått sett mykje av sidan Quantic Dream så langt er sparsame med detaljane, men det lovar svært godt.

Konklusjon

Med Beyond: Two Souls kan det sjå ut til at Quantic Dream har både raffinert og vidareutvikla kontrolloppsettet dei introduserte med Heavy Rain. Dei gjev deg meir direkte kontroll, samtidig som dei har tona ned frekvensen på dei forskjellige kontekstsensitive handlingane. Resultatet ser absolutt lovandes ut. Om presentasjonen eg var vitne til er ein god indikasjon blir dette eit mykje meir actionprega spel som samtidig tek vare på historieforteljinga.

Du vil få stor fridom i korleis du løyser forskjellige situasjonar Jody endar opp i, og sjølv om eg ikkje fekk sjå nøyaktig korleis dette utartar seg i praksis, var det lett å sjå potensialet. Kombinasjonen av å spele som Jody og hennar spøkjelsesven ser ut til å kunne by på mange utfordrande og minneverdige stunder, og eg ser verkeleg fram til å sjå korleis dette utviklar seg.

Beyond: Two Souls lanserast første kvartal 2013, kun for PlayStation 3.

Les også: Kommentar: Imponerende spillsirkus fra Sony
Les også: Se Uncharted-studioets nye storsatsing

Her er en trailer for Beyond: Two Souls fra E3 2012:

Klarer ikke laste video

Kommentarer (6)

Forsiden akkurat nå

Til toppen