Sniktitt

Blades of Time

Hektisk action møter ei sporadisk tidsmaskin.

LOS ANGELES (Gamer.no): Du har kanskje spelt Braid. Eit lite spel som blei ein kritikarfavoritt etter at det tok over Xbox Live Arcade. Sjølv om Blades of Time er eit actionspel der du svinger sverdet i eit hyppig tempo, er det ein god grunn til at Braid blir ei umiddelbar samanlikning. Braid let spelaren spole tida tilbake, og det let deg lage kopiar av deg sjølv for å løyse forskjellige tankenøtter som skulle dukke opp på vegen.

Du skjønar kanskje kvar dette er på veg. Blades of Time, det siste spelet frå Gaijin Entertainment, den ikkje fullt så renommerte utviklaren bak det middelmåtige spelet X-blades, kan du gjere mykje av det same. Om du treng hjelp til ein kamp, eit praktisk utfordring, eller ei sær gåte er det berre å ta tida til hjelp.

Kan Ayumi klare seg betre denne gongen?

Aldri aleine

Blades of Time vil kanskje ikkje finne opp sverdet på ny, men i ei verd konstant bombardert med det eine skytespelet etter det andre kan det strengt tatt ikkje skade med litt variasjon. Du tek på deg rolla som den unge dama Ayumi, den same hovudpersonen som i X-Blades. Kor vidt dette er ein direkte oppfølgjar eller berre ein andeleg oppfølgjar veit eg ikkje, men den grafiske stilen har fått seg ei totalrenovering.

Borte er dei fargerike områda og det anime-inspirerte visuelle uttrykket. Nivået eg først og fremst fekk presentert var eit mørkt og grått vinterlandskap, som introduserte meg for ei mykje meir påkledd Ayumi enn kva vi nokon gong fekk sjå i X-Blades. Akkurat dette kan sjå ut til å variere etter kva område du er i, sidan eg seinare spelte i varmare strøk der påkledninga til Ayumi i beste fall kan skildrast som mangelfull. Ein liten detalj kanskje, men kort ofte har du vel ikkje innerst inne reagert når du ser heltane i spelet ditt framleis springe rundt i sommarklede når dei tek turen til isaudet?

Det viktige i Blades of Time er sjølvsagt ikkje kva klede hovudpersonen går i. Spelet ser ut til å veksle litt mellom gåter og kamp, der fokuset i største grad ligg på kamp. Om du har spelt X-blades vil du nok kjenne deg igjen. Ayumi er ei spenstig og kjapp dame som slår frå seg i eit høgt tempo, kan hoppe fleire meter opp i lufta, og blir konstant kasta ut i kjappe og temmeleg underhaldande kampar der du ikkje treng gjere stort meir enn å slå frå deg alt du er god for.

Gaijin har derimot gjort nokre interessante grep for å inkludere eit strategisk element. Tidsmekanismen eg nemnde innleiingsvis let Ayumi spole tida tilbake opp til ti gongar, noko som i praksis betyr at du kan ha ti kloner av deg sjølv som spring rundt og skapar kaos. Desse klonene blir ikkje styrte av noko form for kunstig intelligens, men gjenta dine rørsler fram til det punktet der du spola tilbake tida. Dette kan sjølvsagt gå to vegar. Anten endar du opp med ei handfull kloner som spring fram og tilbake medan dei slår ut i lufta, eller så vil dei kunne bli eit svært nyttig verkty i kampen mot stygge beist.

Eit døme på dette fekk eg i eit møte med ein stor stygging som hadde nokre orkeliknande vakter springande rundt seg. Veg å angripe den eine, og spole tida tilbake før eg angreip den andre, kunne eg på denne måte fjerne alle uromoment som stod mellom meg og det store beistet. Sjølv om eg ikkje er heilt overbevist om at dette systemet kjem til å fungere optimalt, var det i kombinasjon med det kjappe kampsystemet veldig moro.

Vegen vidare

Ayumi har fleire triks i ermet sitt, og eitt av dei er eit stupeangrep som let deg kutte all avstand mellom deg og fienden på eit blunk. Dette angrepet blir svært effektivt sidan alt du treng gjere er å låse deg fast til ein fiende før du hoppar mot han. Du kan hoppe frå fiende til fiende i eit høgt tempo om du vil, og eg kan sjå føre meg at det er eit stort potensiale i korleis dette kampsystemet kombinerer forskjellige element til å skape ein hektisk og engasjerande heilskap.

Felles for dei fleste av Ayumi sine spesielle eigenskapar er at dei kan brukast både i kamp og til gåteløysing. Stupeangrepet kan til dømes nyttast for å klatre opp til nivå som kanskje kan vere vanskelege å nå elles. Kan du finne deg eit objekt eller ein fiende kan du bruke den som transportmiddel.

Enda viktigare enn stupeangrepet er sjølvsagt tida. Det er fleire forskjellige oppgåver i spelet som tvingar deg til å lage kopiar av Ayumi for å kome vidare. I slike situasjonar minnar Blades of Time ganske sterkt om Clank sine solo-oppdrag i Ratchet & Clank: A Crack in Time. Du må stille deg på brytarar og lage ein kopi av deg sjølv før du går til den andre. Det er enkel matematikk, men om utviklarane kan utvikle kompleksiteten på nøtene står det ingenting i vegen for at dei kan by på ei solid utfordring.

Les også
Anmeldelse:
Kan ikkje klage på utsikta.

Konklusjon

Marknaden for actioneventyr er ikkje kva det ein gong var. Eg har difor ingen illusjonar om at Blades of Time kjem til å bli ein stor hit, eller selje mange eksemplar. Til det er tittelen for liten, og sjangeren har ikkje lenger stor nok popularitet til å halde meir enn nokre få stortitlar gåande til ei kvar tid.

Det er litt synd, for Blades of Time er eit lovande spel. Det har kjappe og underhaldande kampar der du heile tida får bruk for ei eller fleire av eigenskapane du har til disposisjon. Samtidig er det akkurat passe overdimensjonert slik at du aldri får kjensla av å bli tynga ned av realisme. Ayumi spring raskt, hoppar lett ti meter opp i lufta, og slår frå seg like godt som dei beste i klassen.

Det gjenstår berre å sjå korleis ho klarar seg i det lange løp, og om utviklarane hos Gaijin Entertainment kan by på eit meir gjennomført spel enn kva dei serverte førre gong Ayumi la ut på eventyr.

Siste fra forsiden