Sniktitt

Bloodrayne: Betrayal

Verdas mest sexy vampyr sparkar rumpe som aldri før.

LOS ANGELES (Gamer.no): Det er den perfekte match. Vi møter ei ikonisk dame som ikkje har vore i positivt lys på mange år, kasta inn i eit stilisert og visuelt slåande spel som er ulikt noko anna. Den snertne dama Rayne sine tidlegare eventyr er utdaterte, og spel av nyare dato har skapt ein så sterk konkurranse i den hektiske actionsjangeren at ho kunne fått store problem med å finne sin plass om ho skulle bli presentert som før. Det ville ha vore eit risikabelt prosjekt. Vampyrar har kanskje vore veldig populære dei siste åra, men å dytte mange pengar inn i ei gammal merkevare kjem med ein stor risiko.

Det er difor ein liten genistrek frå Majesco å hyre inn den kompetente utviklaren Way Forward for å lage eit handteikna spel inspirert av dei gamle sideskrollande Ninja Gaiden-spela, enn å kome med ein ny konkurrent i eit klima dominert av dei nyare Ninja Gaiden-spela, Devil May Cry og Bayonetta.

Imponerande animasjon

Sideskrollande spel har vi sett før. Vi har sett forskjellige handteikna spel før òg, men eg kan garantere deg at du ikkje har sett mykje som når dei høgdene det nye Bloodrayne-spelet umiddelbart klatrar til. Det er avsindig vakkert, og dei første minutta blei eg berre ståande framfor skjermen med haka i golvet. Animasjonen er sylskarp og flytande, og overgangane mellom forskjellige rørsler er så godt gjort at det er lett å lure på om heile greia eigentleg er bygd opp med polygonar og cell-shading. Men noko anna kan ein kanskje ikkje forvente når utviklarane skryt av å ha brukt 4000 bilete med animasjon berre på hovudpersonen sjølv.

Den visuelle stilen er ganske spesiell, og alle figurar i framgrunnen er tydeleg teikna med reine og skarpe fargar. Dette er ein veldig effektiv kontrast til dei mørke bakgrunnane som er hardare og skitnare i uttrykket. Det heile ser litt ut som ein anime-film av eldre dato, frå tida før ein byrja å polere bilete og bakgrunnar på PC. Det er ein stil som kler den ekstremt blodige kvardagen til Bloodrayne svært godt.

For blod skal det bli, og det i både bøtter og spann. Medan dama sjølv hoppar og dansar over skjermen som ein ballettdansar med konsentrasjonsvanskar, sprutar blodet som hyperaktive fontener kvar gong ho hakkar til ein fiende. Å kalle det hakking blir derimot litt urettferdig. Bloodrayne: Betrayal er eit intenst og elegant spel som går i eit skyhøgt tempo, og utviklarane har lagt stor vekt på at ho er ein offensiv person. Difor har dei til dømes valt å ikkje ein gong inkludere ein knapp for å blokkere angrep. Du legg utelukkande alle klutar til for å regelrett massakrere fiendane før dei får sukk for seg, og i aksjon tek det ikkje mange sekunda før ein blir hekta.

Bloodrayne: Betrayal ser ikkje ut til å ha eit veldig avansert og omfattande kontrollsystem, i alle fall ikkje ut av den halvtimen eg har brukt på spelet. Du får derimot ei solid blanding av enkle og effektive angrep som alle er tilgjengelege frå start. Du låser med andre ord ikkje opp nye angrep, men i løpet dei 15 nivå spelet byr på kan du finne godt gøymde raude hovudskallar som vil auke både helsa og gjere ammokassa større.

Ein dans på lik

Om Bloodrayne: Betrayal berre lot deg hakke laus på fiendane utan større mål og meining, hadde sannsynlegvis ikkje dette vore så veldig interessant utover den herlege grafikken. Du kan når som helst hente fram ein pistol for å fyre av nokre kuler i ny og ne, og om ein kombinerer desse to angrepa godt, kan ein oppnå ekstremt effektiv slakt som samtidig slår deg med sine kule animasjon.

Nokre litt meir spesielle eigenskapar er når Rayne brukar sine vampyriske genar. Om du ikkje visste det frå før er Rayne halvt vampyr og halvt menneske, og ho har enda opp med både positive og negative eigenskapar frå begge sider av skåla. Ein av dei positive reint spelemessig er at ho kan suge blod frå fiendane. Dette gjer du enkelt ved å slå fienden, og umiddelbart etterpå kaste deg mot pulsåra. Det er eit viktige element av timing innvolvert i dette, og det er med på å auke det store tempoet kampane allereie har.

Samtidig har det ganske mykje å seie kor lenge du vel å bite deg fast. Om du berre tek eit kjapt bitt, vil til dømes fienden bli infisert med gift før han omsider sprenger i lufta. Sprenger han i lufta i nærleiken av andre fiendar vil desse òg bli smitta, noko som raskt kan starte ein blodig og makaber kjedereaksjon.

Som eit intenst actionspel seg hør og bør vil du sjølvsagt bli gradert når eit nivå er ferdig. Poengsummen din blir kasta ut på nettet for alle å sjå, og om spelet byggjer godt vidare på det eg har sett, har eg ingen problem med å sjå føre meg at det kan bli stor konkurranse om førsteplass på lista.

Konklusjon

Eit nytt Bloodrayne-spel er noko som umiddelbart fyller meg med ei solid dose skepsis. Ho har alltid vore eit litt vulgært tilskot til rekkene av heltinner i spelverda, og når merittlista inneheld nokre forferdelege filmar frå godaste Uwe Boll, har ho ikkje mykje å vere stolt over.

Majesco har derimot valt den perfekte måten å vekkje ho til live igjen på. Det nye Bloodrayne-spelet er griselekkert der det kastar seg ut i det som kanskje er den beste 2D-animasjonen eg nokon gong har sett i eit spel. Det er verkeleg så lekkert at det er vanskeleg å begripe det før du spelar det sjølv. Ingen skjermbilete eller videoar kan gjere rettferd for denne visuelle perla.

Dette betyr sjølvsagt ingenting om spelet ikkje held mål, skal vi døme etter det nivået eg har fått bryne meg på, kan vi ha eit vanvittig underhaldande spel i vente. Tilsynelatande frå ingen stad har Bloodrayne sigla på til å bli eitt av mine mest etterlengta spel i år, og det bør eigentleg gjelde for deg òg.

Kommentarer (3)

Forsiden akkurat nå

Til toppen