Sniktitt

Bound by Flame

Smi deg ein lysets krigar eller bli ein demon. Valet er ditt.

LOS ANGELES (Gamer.no): Franske Spiders har ikkje vakse seg store nok til å bli eit lett gjenkjenneleg varemekre heilt enno. Dei har likevel levert nok interessante titlar over dei siste åra til at det er grunn for interesse kvar gong dei prøvar seg på noko nytt. Frå før har dei utvikla nokre spel om Sherlock Holmes, samt Feary: Legends of Avalon og Of Orcs and Men. Dei to sistnemnde er kanskje dei meste interessante titlane deira. Sjølv om ingen av dei bydde på heilt dei store opplevingane, var dei begge spel som serverte interessante idear og historier innan den elles noko idètørre fantasysjangeren.

Spiders er ikkje heilt klare for å seie seg ferdige med fantasy. Tidlegare i år kunngjorde dei det mørke actionrollespelet Bound by Flame, og dette er eit spel som er godt på veg til å bli den så langt største og viktigaste produksjonen til det franske studioet.

På tide med ein tannpuss tenkjer eg.
På tide med ein tannpuss tenkjer eg.

Å vere eller ikkje vere (demon)

Dei fleste har nok høyrt om Lionheads Fable-serie. Det er ikkje så frykteleg mykje inspirasjon Spiders har henta frå sine britiske kollegaer, men på eitt spesielt felt er det svært tydelege likskapar. Bound by Flame byr på eit svært viktig historieelement der du får sjansen til å velje om du vil bli god eller vond. Ein demon er i ferd med å ta over kroppen din, og kor villig du er til å la denne ta over alt du ein gong hadde kjær, er noko utviklarane hevdar vil få stor innverknad på korleis spelet utartar seg.

Ikkje berre endrar du utsjånad om lar demonen ta føringa, men du får nye krefter òg, noko som aldri skadar i kampen mot stadig sterkare fiendar.

Å la seg sjølv gå over til den mørke sida er naturlegvis ikkje utan negative konsekvensar. Bound by Flame er eit spel som i tillegg til å by på mykje action satsar på at du skal byggje eit forhold til verda rundt deg. Etter kvart som historia går sin gang vil du møte fleire følgjevener som alle har sine eigne mål og meiningar. Dei kan like eller mislike vala dine, og på denne måten kan du få deg vener og fiendar.

Måten du byggjer forhold på minner sterkt om jobben BioWare har gjort med til dømes Dragon Age-spela sine. Gjennom dialog kan haldningar endrast, og fleire sideoppdrag vil la deg styrkje eller svekkje venskapen som har bygd seg. Går det riktig ille – noko det kan gjere når ein ven brått legg merke til horna som veks ut av panna di – kan ein tidlegare kompanjong velje å forlate gruppa di, eller til og med bedra deg.

Fridomen dette hintar på gjeld derimot berre for historia. Spelet vil ikkje by på ei stor og opa verd der du kan gå akkurat dit du vil. For Spiders er historia svært viktig, og dei har difor valt å sende deg frå kapittel til kapittel utan sjanse til å gå tilbake til tidlegare område.

Av og til er beina dine beste vener.
Av og til er beina dine beste vener.

Aldri aleine

Bound by Flame er eit actionrollespel for ein spelar, men følgjevenene du kan plukke opp vil ha ei viktig rolle i å fylle ut dei områda du kanskje ikkje skulle vere så god på sjølv. Har du til dømes ein krigar bygd rundt nærkamp med knivar, kan det kome godt med å ha ein magikar og ein bogeskyttar med på tur.

Kampsystemet i seg sjølv er ved første augekast ikkje den meste interessante biten ved spelet. Det ser kapabelt ut på alle frontar, men ikkje noko nemneverdig utover det. Spelet byr på eit actionfylt kampsystem i same gate som svært mange andre rollespel, og det mest interessante er eigentleg korleis du kan skifte stilling midtvegs i ein kamp. Dette let deg byte mellom ulike våpen slik at du kan tilpasse deg ulike situasjonar som måte oppstå.

Utanfor kampsystemet blir det heile derimot langt meir interessant. Bound by Flame byr på fleire tilsynelatande robuste måtar å oppgradere både figuren din og utstyret ditt på. Til dømes kan våpen og rustingar oppgraderast på fleire forskjellige måtar. Du kan gjere ei skulderplate sterkare slik at den toler meir skade, eller du kan leggje til element på våpen og gjenstandar. Likar du å herje litt rundt i skuggane kan til dømes ei dose gift passe godt på knivane dine. Vi blir lova at du skal stå veldig fri til å sjølv velje kva du vil gjere med kva, og aldri måtte følgje rigide vegar.

Fridom ser ut til å gjelde for erfaringssystemet òg. Etter kvart som du drep beist og går opp i nivå vil du få nye eigenskapar, og kvar av desse kan oppgraderast tre gongar. Du kan til dømes gjere blokkering sterkare, eller bli smidigare slik at du kan hoppe unna angrep i staden. Ved å kombinere korleis du oppgraderer våpen med korleis du oppgraderer eigenskapar, opnar Bound by Flame for å kunne bli eit spel med stort potensiale i å la deg velje din eigen veg.

Kvar er fotlenka når du treng den?
Kvar er fotlenka når du treng den?

Konklusjon

Det er lite som tyder på at Spiders prøvar å finne opp krutet på ny med Bound by Flame. I staden viser dei eit stødig fokus på å skape ei verd der du får stå fritt til å spesialisere deg slik du vil. Om du vil vere ein tung krigar eller sprek akrobat skal vere opp til deg, og for dei områda du ikkje klarar å fylle ut sjølv, vil spelet by på følgjevener som kan backe deg opp der det trengst.

Utanfor kamp kan du byggje forhold til følgjevenene dine, og skape både fiendar og romantiske interesser alt etter korleis du vel å forholde deg til verda rundt deg. Kor godt det heile vil fungere i praksis over dei 25 timane spelet er lova å vare gjenstår å sjå, men så langt ser det ut til at Spiders er på sporet av noko godt.

Bound by Flame blir tilgjengeleg for PC, PlayStation 3 og Xbox 360 tidleg neste år. Kor vidt det dukkar opp for neste generasjon er så langt ikkje avklara.

Kommentarer (1)

Forsiden akkurat nå

Til toppen