Sniktitt

Brothers: A Tale of Two Sons

Vakkert og sjarmerande eventyrspel som let deg samarbeide med deg sjølv.

LOS ANGELES (Gamer.no): Brothers: A Tale of Two Sons er noko så merkverdig som eit sukkersøtt lite eventyrspel frå skaparane av valdsame actionspel som Riddick og The Darkness. Eg kan ikkje heilt sjå føre meg at det var dette folk hadde i tankane då Starbreee kunngjorde at dei skulle inngå eit samarbeid med Josef Fars, regissøren bak den svenske komifilmen Kopps.

Søte eventyr i ei idyllisk landsbygd er likevel nøyaktig det vi har fått. Brothers: A Tale of Two Sons er eit uhorveleg vakkert spel. Det kjempar med all makt mot dei begrensingar den disponible maskinvara kan stille opp med, og brukar kreativ og målretta buk av form og farge for å skape eit målerisk landskap du lett kan gå deg bort i. Det heile kan minne litt om stilen i Fable-spela frå Lionhead, men det er likevel noko enda meir naivt over Brothers: A Tale of Two Sons. Det har noko uskuldig over seg som umiddelbart gjer det tydeleg at dette er eit spel for alle som veit å setje pris på eit koseleg eventyr.

Brørne kan hjele kvarandre der det behøvst.
Brørne kan hjele kvarandre der det behøvst.

To på tur

Når det visuelle inntrykket har sett seg, og du har latt blikket flakke over det trivelege landskapet og solstrålane som badar det, er det tid for å gjere noko fornuftig. Her kan alt raskt seie stopp, for Brothers nyttar eit kontrollsystem noko utanom det vanlege. Vi følgjer to brør som legg ut på eventyr for å finne medisin til sin sjuke far, og i staden for å styre ein av dei om gongen medan den andre følgjer trufast etter, får du her direkte kontroll over begge to samtidig.

Du styrer kvar av gutane ved å bruke analogstikkene på kontrollaren. Kvar bror har si eiga stikke, og dytter du stikkene mot kvarandre vil brørne springe mot sentrum av skjermen, medan dei spring frå kvarandre om du gjer det motsette. Dette krev tilvenning. Det er nesten banalt kor utfordrande det kan bli å gjere noko så enkelt som å koordinere to stikker i same retning, men det heile er utan tvil eit dristig kontrollval.

Med tid går uansett alt betre, og etter den litt ustødige tilvenningskurva var eg meir eller mindre klar til å legge ut på tur. Brothers: A Tale of Two Sons er eit eventyrspel der du heile tida må bruke brørne for å utføre ulike praktiske oppgåver, eller løyse ei oppgåve eller to. Dei to brørne er samtidig veldig forskjellige, noko som heile tida blir veldig tydeleg.

Noko av det første eg møtte i verda var ulike folk som rusla rundt i ein liten landsby, og desse kan du interaktere med ved å bruke kvar bror sin respektive handlingsknapp. Den eldste av dei to er den ansvarlege i tospannet, og vil til dømes plukke opp kosten frå ei gammal dame for å hjelpe til med reingjeringa, medan den yngste vil plukke den opp for å vise balansekunstane sine, noko som får dama til å flire.

Slike småting ser ikkje tå å ha mykje praktisk verdi utover at det byggjer opp verda og etablerer forskjellane mellom dei to brørne. Forskjellar spelet hintar om at kan bli viktige å hugse på når du møter ei vanskeleg tankenøtt.

Spelet er rett og slett nydeleg.
Spelet er rett og slett nydeleg.

Tant og fjas

Oppgåvene eg fekk bryne meg på var derimot av det meir praktiske slaget. På eitt punkt måtte eg kome meg over eit område fullt av små platå der ein sint hund sprang rundt og bjeffa på alt som kom hakket for nære. Løysinga på denne utfordringa var å bruke handlingsknappen for å få den eine broren til å rope på hunden. Dette lokka hunden i den retninga slik at den andre broren kunne springe bort til neste platå. Når dette var gjort var det berre å gjenta prosedyren slik at den andre broren kunne kome seg vidare.

I ein annan situasjon måtte eg få ned ei bru slik at brørne kunne halde fram ferda si. Løysinga her viste seg å vere så enkel som å plassere den eine broren i ei lokal tredemølle slik at den andre kunne gå over brua for å hente ein sau. Med sauen trygt på plass i mølla kunne begge gå over.

Brothers: A Tale of Two Sons ser først og fremst ut til å by på ganske enkle oppgåver som ikkje krev mykje av deg for at du skal kome deg vidare. Dette i seg sjølv treng ikkje vere noko negativt, spesielt sidan kvar nye oppgåve faktisk var heilt ny, og eg aldri måtte gjere det same to gongar. Mykje av det eg måtte setje brørne til å gjere var enkle praktiske oppgåver, der ein må gjere ting om gongen, eller koordinere rørslene deira.

Sistnemnde kan kanskje bli ei utfordring om du slit med å samkøyre tomlane dine, men med litt øving bør det gå greitt. På den definitivt positive side ligg dei kontekstsensitive handlingsknappane som aldri fortel deg kva som vil skje før du gjer det. Du må difor berre prøve deg fram for å sjå kva dei to typane vil finne på, noko som skapar eit både underhaldande og utforskande element i seg sjølv.

Variasjonen i natur og miljø snik seg på sakte, men sikkert.
Variasjonen i natur og miljø snik seg på sakte, men sikkert.

Konklusjon

Brothers: A Tale of Two Sons blir kanskje ikkje årets mest utfordrande spel, men det kan raskt bli blant dei søtaste. Alt tyder på at dette blir et sjarmerande lite spel som konstant byr på noko nytt, og aldri leverer heilt det same to gongar.

Vi møter to svært ulike personar som begge gjer sine ting på litt forskjellige måte. Ved sidan av den nydelege grafikken er det korleis desse to typane blir skildra som verkeleg sit igjen som det store høgdepunktet. Dei er begge svært forskjellige, og sjølv om den eine kanskje er meir moden enn den andre er dei lett å like begge to.

Det eg er mest usikker på er kontrollsystemet som på sett og vis er ganske vågalt. Å bruke to analogstikker for å styre to figurar fungerer for det aller meste godt, men no og då mista eg litt oversikt over kva stikke som styrte kven, noko som naturlegvis førte til litt rot. Dette er forhåpentlegvis berre ei tilvenningssak som ikkje vil kome i vegen for eit triveleg eventyr.

Brothers: A Tale of Two Sons kjem i sal for Xbox 360 7. august som ein del av Microsofts Summer of Arcade-kampanje.

Kommentarer (7)

Forsiden akkurat nå

Til toppen