Sniktitt

Crimson Dragon

Frå Kinect til handkontroll. Panzer Dragoon er tilbake.

LOS ANGELES (Gamer.no): Då Yukio Futatsugi og Microsoft avslørte Project Draco for Xbox 360 under Tokyo Game Show i 2011 var det mange som klynka av glede. Spelet som seinare blei omdøypt til Crimson Dragon minna mistenksamt på Panzer Dragoon-serien Fuatsugi skapte då han jobba for Sega for nesten ein mannsalder sidan.

Grunnen til klynkinga var og er såre enkel. Panzer Dragoon-serien står i høg kurs hos mange sidan den var eit suverent døme på korleis ein skulle gjere skinnespel på best måte. Altså, spel der du følgjer ei meir eller mindre låst bane medan du fokuserer på å fyre laus diverse prosjektil mot eit mylder av fiendar.

Det stoppa derimot ikkje der. Panzer Dragoon-serien var kjend for meir enn gameplay. Den unike visuelle stilen blei komplimentert av herleg og unik musikk. Då det vart kjent at det var konseptdesignaren frå Panzer Dragoon-serien, samt komponisten frå dei to siste spela i Sega sin drageserie, var det meir enn tydeleg at Crimson Dragon praktisk talt ville vere eit nytt Panzer Dragoon-spel.

Ein drage, mitt kongerike for ein drage.

Skår i gleda

Det var berre eit problem med Crimson Dragon; det var eit spel laga utelukkande for Microsofts rørslekamera Kinect. Du ville altså bli nøydd til å stå eller sitje framfor skjermen og veive med armane for å dirigere angrepa til dragen din. Dette er no eit kapittel som ligg historia til. Spelet har skifta beite til Xbox One, og den halvtimen eg hadde med spelet gjekk føre seg utan eit einaste spor av Kinect-funksjonalitet. Produsenten Yutaka Noma kunne fortelje meg at Kinect framleis er med, men at spelet kan spelast utelukkande med kontrollar om du vil.

Crimson Dragon er velkjent domene for alle som har spelt eit spel i Panzer Dragoon-serien. Det meste er uhyre likt, og den einaste vesenforskjellen på dei to er strengt tatt namnet.

I spelet sit du på ryggen til ein drage, den flyr av seg sjølv, men du har litt kontroll over den i form av at du kan dytte den i forskjellige retningar. Sjølv om du ikkje kan styre dragen si bane gjennom dei ulike områda, vil direkte kontroll likevel bli naudsynt med jamne mellomrom. Her og der finn du krystallar du kan samle, og i spesielt intense situasjonar vil du måtte dytte dragen vekk frå flygande prosjektil eller kanskje ei søyle som kjem mot deg i høg fart.

Det aller meste av tida di vil derimot bli brukt på å jage etter merkverdige skapningar i ei høgst spesiell verd.

Eksplosive situasjonar kan lett oppstå.

Frå smått til stort

I demoen møtte eg fleire ulike fiendar. Der var små fiendar som gjekk ned raskt, ein massiv orm som snoka seg gjennom lava, samt dragar som likna min eigen. Primært har du to måtar å hamle opp med utyska på sidan du har eit hovudvåpen og eit sekundært våpen. I det fulle spelet vil du få velje sjølv kva våpen du vil bruke, i tillegg til å kunne velje mellom fleire forskjellige dragar.

Våpna mine var ein laser og det som best kan skildrast som ein varmesøkande rakettkastar. Rakettkastaren brukast enkelt og greitt ved at du låser deg på fleire ulike mål før du fyrer laus alle skota dine. Laseren på si side er berre ein stråle som skyt mot fienden. Begge desse burde vere velkjende for alle som har spelt eit Panzer Dragoon-spel, og dei fungerer akkurat som ein kan tenkje seg.

Utfordringa kjem først og fremst gjennom å skulle ha full oversikt over alt som skjer på skjermen, og reagere deretter. Dragen flyg konstant og svingar dram og tilbake i dei kreativ utforma miljøa. Samtidig må du kontinuerleg passe på at du ikkje krasjar i noko, eller blir skoten ned. På toppen av det heile kjem eit konstant fokus på å meie ned fiendane, og det ser absolutt ut til å bli eit temmeleg hektisk spel som verkeleg tvingar deg til å konsentrere.

Les også
Sniktitt:

Sjølv om Crimson Dragon no blir å finne på Xbox One betyr ikkje det at spelet vil bli blant dei mest imponerande reint teknisk. Dette er tross alt eit oppgradert Xbox 360-spel. Det ser likevel veldig lekkert ut med ein visuell design som vrir og buktar seg forbi ei kvar samanlikning med noko som helst utanom Panzer Dragoon-serien. Vi møter eit veldig fargerikt spel fullt av unik design som bør sperre opp ein del auge.

I kombinasjon med det atmosfæriske lybiletet og då spesielt den eksperimentell musikken ser det ut til at vi har noko veldig godt i vente.

Ja, kva skal ein seie?

Konklusjon

Ventetida på Crimson Dragon har vore lang, men no ser det endeleg ut til at spelet er på veg. At spelet kjem til Xbox One ser utelukkande ut til å ha vore positivt. Det ein gong Kinect-eksklusive spelet har no full støtte for kontrollaren, og med ei merkbar grafisk oppgradering på slep ser dette ut til å kunne bli ein vinnar for Microsoft.

Spelet høyrer til ein sjanger som har sett sine beste år for lenge sidan, men det ser det ikkje ut til at verken utviklarane hos Grounding eller utgjevaren Microsoft bryr seg mykje om. Dette er arkademoro i god, gammal stil i ei herleg flott innpakning. Sjølv om det ikkje ser ut til å by på mykje nytt, var det ei herleg nostalgisk kjensle som breia seg over meg då eg kasta med på ryggen til ein drage og gjekk til åtak på bisarre fiendar.

Les også: Slåssespillet Killer Instinct blir «gratis»
Les også: Capcom avslører Dead Rising 3

Se trailer for Crimson Dragon.

Siste fra forsiden